Ginkgoales er ein planteorden av nakenfrøingar som berre inneheld ein enkelt nolevande art: Tempeltreet (Ginkgo biloba). Slektstreeet til dei nakenfrøa plantane har vore relativt godt forstått lengje, men systematikken over familienivå har vore varierande. Sidan divisjonar, klassar og ordenar har ulike fastsette endingar i botanikk, viser både Ginkgopsida eller Ginkgoopsida (klasse) og Ginkgophyta (divisjon) til den same gruppa.Christenhusz, M.J.M., J.L. Reveal, A. Farjon, M.F. Gardner, R.R. Mill, and M.W. Chase (2011). A new classification and linear sequence of extant gymnosperms. Phytotaxa 19:55-70. http://www.mapress.com/phytotaxa/content/2011/f/pt00019p070.pdf
Utvikling Gruppa omfattar fem familiar. Dei hadde den største artsrikdommen sin frå siste halvdel av jura til tidleg krit. Dei var særleg utbreidde i Asia, der det fanst tre familiar. Av desse er det berre tempeltrefamilien som enno har levande representantar.
Ginkgoales er rekna som nære slektningar av dei dekkfrøa plantane. Familien Schmeissneriaceae har frø der griffelen veks igjen etter befrukting, tilsvarande situasjonen hjå dekkfrøa plantar. Det er tvil om Schmeissneriaceae tilhøyrer ginkgoane i det heile, eller om Ginkgoales er ei parafyletisk gruppe.
Familiar Inndelinga i familiar hjå ginkgoar er usikker. I dei fleste tilfelle har ein berre blad å gå på, og i nokre tilfelle frukter.
Ginkgoaceae (tempeltrefamilien) † Karkeniaceae † Umaltolepidiaceae † Yimaiaceae † Schmeissneriaceae usikker tilhøyre: slekta † Sphenobaiera
Galleri av ginkgo-fossil
Referansar
Denne artikkelen bygger på «Ginkgoales» frå , den 22. september 2020.
Kategori:Nakenfrøingar Kategori:Karplantar