Thomas Joshua Tindall () var ein USA-amerikansk gitarist. Han var medlem av MFSB og spelte på 38 gull- og platinaplater innan funk og R&B og meir enn 30 hittar produsert av Gamble and Huff i 1970- og 1980-åra. Tindall er rekna som ein av skaparane av Philadelphia-stilen. Han vart to gonger innlemma i Philadelphia Music Alliance's Walk of Fame som medlem av MFSB og Salsoul Orchestra.
Han spelte òg med Bonnie Raitt (albumet hennar Give It Up), Lon & Derrek Van Eaton (Brother), The Jacksons, Robert Palmer sitt Double Fun, The Temptations og fleire. Han spelte på The Trammps-hitten «Disco Inferno» i 1976 og albumet med same namn, Lou Rawls sin «You'll Never Find Another Love Like Mine», The Jackson 5 sin «Enjoy Yourself», Eddie Kendricks sin «He's a Friend» og albumet med same namn og albumet Goin' Up In Smoke, Phyllis Hyman-albumet Prime of My Life, Loleatta Holloway-albumet Loleatta, Double Exposure-albumet Ten Percent, First Choice-albumet Delusions.
Tindall døydde av kreft i 2016, 65 år gammal.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «T.J. Tindall» frå , den 27. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske soulgitaristar Kategori:Folk frå Trenton i New Jersey Kategori:Musikarar frå New Jersey