Sharon Redd () var ein USA-amerikansk songar frå New York City. Ho var halvsyster til R&B-songaren Penny Ford.
Ho byrja karrieren sin med fire singlar i 1968 for United Artists.Billboard magazine, oktober 1969. Redd vart populær i Australia med ei oppsetjing av rockemusikalen Hair.
I midten av 1970-åra vart Redd ein av korsongarane til Bette Midler.
I 1979 spelte Redd inn discohitten «Love Insurance». Det første studioalbumet hennar kom ut u 1980, kalla Sharon Redd, etterfølgd av to til — Redd Hott (1982) og Love How You Feel (1983). Etter desse vende Redd attende til ein suksessrik karriere som korvokalist, mellom anna i gruppa Soirée, der òg Luther Vandross og Jocelyn Brown var medlemmar.
Midt under det som skulle bli eit comeback tidleg i 1990-åra, døydde Redd av lungebetennelse den 1. mai 1992. Magasinet Dance Music Report rapporterte om at dødsfallet var knytt til AIDS.
Diskografi Album År Album SelskapUS DanceUK Charts 1980 Sharon Redd Prelude―― 1982 Redd Hott Prelude159 1983 Love How You Feel Prelude――
Singlar År SongU.S. DanceU.S. R&BAUS ChartsUKNLNZ 1967 «Half as Much» ― ― ― ― ― ― 1968 «I've Got a Feeling» ― ― ― ― ― ― 1969 «Easy to Be Hard» ― ― 32 ― ― ― 1980 «Can You Handle It» 5 57 ― 31 ― ― «Love Is Gonna Get Ya» ― ― ― ― ― ― 1982 «Never Give You Up» ‡ 1 ― ― 20 ― ― «Beat the Street» ‡ 41 ― ― ― ― «In the Name of Love» ‡ ― ― 31 11 ― 1983 «You're a Winner» ― ― ― 83 ― ― «Love How You Feel» 16 ― ― 39 ― ― 1984 «Lair on the Wire» 33 ― ― ― ― ― «Undercover Girl» ― ― ― ― ― ― 1988 «Second to None» ― ― ― ― ― ― 1992 «Can You Handle It» (nyinnspeling av DNA) ― ― ― 17 62 41
‡ Syner til spor frå albumet Redd Hot.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sharon Redd» frå , den 29. september 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:USA-amerikanske boogie-musikarar Kategori:USA-amerikanske discomusikarar Kategori:USA-amerikanske housemusikarar Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:Folk frå Norfolk i Virginia Kategori:Døde av lungebetennelse Kategori:Døde av aids Kategori:Harlettes-medlemmar Kategori:USA-amerikanske kvinner i elektronisk musikk