Terence James 'Terry' Reid () er ein engelsk rockevokalist og gitarist. Han spelt med mange kjende musikarar, både som oppvarmingsartist, som studiomusikar og sidemann.

15 år gammal byrja Reid å spele med Peter Jay's Jaywalkers. I 1966 varma dei opp for The Rolling Stones på ein turné i Storbritannia. Reid vart kjend med produsenten Mickie Most, som vart manageren hans. Den første singelen hans med Most, «Better By Far», vart ein del spelt på radio, men albumet Bang Bang, You're Terry Reid, selde dårleg.

Fleire av songane Reid skreiv vart spelte inn av The Hollies, Crosby, Stills, Nash and Young, REO Speedwagon og John Mellencamp.The Hollies version på Clarke Hicks & Nash Years (released 2011), CSN&Y version on CSN box set (released 1991), dates from booklets of each. It was recorded by REO Speedwagon and included on their 1973 release Ridin' the Storm Out.

Yardbirds-gitaristen Jimmy Page var blitt interessert i arbeidet til Reid og då The Yardbirds vart oppløyst, ønskte Page at Reid skulle bli vokalist i den nye gruppa, The New Yardbirds, som vart til Led Zeppelin. Reid hadde alt takka ja til å turnere med The Rolling Stones og seinare med Cream som oppvarmingsartist. Reid føreslo i staden Robert Plant, og at Page òg burde sjekke ut trommisen John Bonham. I 1969 varma Reid opp for Jethro Tull og Fleetwood Mac.

Reid skifta mellom plateselskap og gav ut Seed of Memory på ABC Records i 1976, produsert av Graham Nash, og Rogue Waves for Capitol Records i 1979. Reid gav seg med solokarrieren i 1981 og fokuserte på studioarbeid, der han spelte på album av Don Henley, Jackson Browne og Bonnie Raitt. I 1991 gav Reid ut eit album produsert av Trevor Horn for WEA kalla The Driver.

Diskografi Studioalbum Bang, Bang You're Terry Reid (1968) Terry Reid (1969) (Amerikansk tittel: Move Over for Terry Reid) River (1973) Seed of Memory (1976) Rogue Waves (1979) The Driver (1991) Super Lungs The Complete Studio EMI Recordings 1966–1969 (2004)

Konsertalbum The Hand Don't Fit The Glove (1985) Alive (2004) Silver White Light – Live at the Isle of Wight 1970 (2004) Live in London (2013) The Other Side of the River (2016)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Terry Reid» frå , den 1. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske rockesongarar Kategori:Folk frå Huntingdon Kategori:Engelske studiomusikarar