Audun Herning () er ein norsk politikar frå SV. Han var valkampsekretær i SV fram til kommunevalet 2007. Frå 2004 til 2006 var han leiar i Sosialistisk Ungdom, der han hadde vore sentralstyremedlem frå 2000.

Herning var politisk rådgjevar i Kunnskapsdepartementet frå 22. oktober 2007 til 20. april 2009 i Regjeringa Stoltenberg II.

I mai 2017 vart han ny partisekretær i SV.

Han kjem frå Nesodden, meistrar spansk og har særleg engasjert seg i Latin-Amerika.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Audun Herning» frå , den 4. august 2006, revisjon 1026941

Kategori:SV-politikarar Kategori:Leiarar i Sosialistisk Ungdom Kategori:Politiske rådgjevarar frå SV Kategori:Folk frå Nesodden