Little Feat er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Little Feat. Det kom ut i 1971 på Warner Bros. Records.

Albumet vart hovudsakleg spelt inn i august og september 1970. Stilen likna på dei seinare innspelingane deira som vart meir kjende, som Dixie Chicken i 1973 og Waiting for Columbus i 1978. Plata vart spelt inn av den første besetninga til Little Feat, med Roy Estrada på bass. Det var det første av åtte album før bandet vart oppløst første gongen i 1979. Plateomslaget syner eit veggmåleri, «Venice in the Snow», måla av L. A. Fine Arts Squad i 1970 i Venice i Los Angeles. I 2007 vart albumet gjeve ut på ein gull-CD på Mobile Fidelity Sound Lab.

Innhald

Medverkande Kjelde: Lowell George – solo-, rytme- og slidegitar, solovokal (alle songar utanom der andre er nemnde) og korvokal, munnspel Bill Payne – klaverinstrument, solovokal («Snakes on Everything» og «Takin' My Time») og korvokal, piano Roy Estrada – bass, korvokal Richard Hayward – trommer, korvokal

Andre Russ Titelman – perkusjon, korvokal, piano på «I've Been The One» Ry Cooder – flaskehalsgitar på «Willin'» og «Forty Four Blues / How Many More Years» Sneaky Pete Kleinow – pedalsteel på «I've Been The One» Kirby Johnson – strykar- og blåsearrangement

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Little Feat (album)» frå , den 5. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Little Feat-album Kategori:Album produserte av Russ Titelman Kategori:Warner Bros. Records-album Kategori:Album spelte inn i United Western Recorders Kategori:Album spelte inn i Record Plant i Los Angeles