Poco er det andre studioalbumet til den USA-amerikanske countryrockgruppa Poco. Dette er det første albumet deira med Timothy B. Schmit, som erstatta Randy Meisner. Messina-songen «You Better Think Twice» vart ein signatursong for bandet. Eit eksemplar av albumet er utstilt i Country Music Hall of Fame i Nashville i lag med jakka som Rusty Young har på omslaget.
Mottaking
I meldinga si for Allmusic skreiv Bruce Eder: «Desse songane representerer blandinga deira av country og rock på sitt beste og klåraste, med glade harmoniar på 'Hurry Up' og 'Keep on Believin' som er totalt uimotståelege... Slagordet var 'for country for rock, for rock for country', men i røynda var dei berre føre si tid, ein vanskeleg stad å vere i underhaldningsverda.» Robert Christgau skreiv i meldinga si: «Det mest overvurderte av dei undervurderte gruppene i Amerika. All overraffineringa til CSNY utan noko av inspirasjonen, all forgreiningane til bluegrass, utan røtene. Kort sagt, den perfekte kommentaren på kompetansevakuum.»
Innhald
Medverkande Jim Messina – gitar, vokal Richie Furay – gitar, vokal Rusty Young – steelgitar, gitar, vokal Timothy B. Schmit – bassgitar, vokal George Grantham – trommer, vokal Med: Bobby Doyle – piano Larry Knechtel – piano Milt Holland – perkusjon
Produksjon Produsent: Jim Messina Lydteknikar: Terry Dunuvan/Alex Kazengras Kusntnarisk leiar: Gary Burden Fotografi: Henry Diltz
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Poco (album)» frå , den 11. oktober 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Poco-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Album produserte av Jim Messina Kategori:Epic Records-album