Muldvarpen er ein norsk reality-tv-serie som gjekk på TVNorge frå 2000 til 2002. Lars Arentz-Hansen var programleiar for den fyrste sesongen, medan Ove Christian Owe leia dei to siste sesongane. Programmet vart spela inn i Frankrike, Spania og Canada.

Muldvarpen var basert på den belgiske reality-koseptet De Mol, frå 1999. Konseptet er selt til ei rekkje land.

Konsept Tolv deltakarar vart sende til eit land, der dei skulle reise rundt, delast inn i grupper og løysa diverse oppdrag. Godkjende oppdrag gav dei pengar til premiekassen. Blant deltakarane var det òg ein moldvarp, og moldvarpen hadde som oppgåve å sabotere oppdraga for at minst mogleg pengar gjekk inn i premiekassen, utan å bli oppdaga. På slutten av kvar episode skulle kvar deltakar svara på spørsmål om Moldvarpen. Spørsmåla var om identiteten til moldvarpen og handlingar moldvarpen gjorde under dei ulike oppdraga. Den som visste minst om moldvarpen, måtte forlate gruppa. I den norske utgåva vart resultatet kunngjort etter ein fellesmiddag. Deltakarane hadde kvar sin konvolutt ved sida av tallerkenen. Dei som gjekk vidare hadde fått ei grøn fjør i konvolutten, medan den som visste minst om Muldvarpen fekk ei raud fjør, og vart sendt heim.

Ved nokre høve vart enkeltdeltakarar tilbydd frikort, som gjorde dei immune mot å sendast heim ved neste utspørjing, mot at dei saboterte oppdraget.

Fyrstepremien var i utgangspunktet på rundt 500 000 kr, men då måtte deltakarane lukkast i alle oppdraga. Vinnaren av fyrstepremien var den som hadde flest riktig svar på den aller siste utspørjinga om identiteten til moldvarpen og handlingane moldvarpen gjorde under oppdraga.Aftenposten Aften - Ny Muldvarpen (29.1.2001, s.30) Vinnaren av fyrste sesong fekk 145 000 kr, vinnaren av andre sesong fekk 220 000 kr og vinnaren av tredje fekk 267 000 kr.

Sesongoversikt Sesong 1 (2000) Deltakarar sesong 1 Navn Alder Heimstad Sendt heim Dag Petter Søderman26 Tønsberg / Drammen Kjersti Nesbakk35 LøtenMoldvarp Petter Lo-Presti33 Nøtterøy FinalistGro Shetelig Kruse50 Oslo Episode 9 Dino Makridis41 Trondheim Episode 8 Egil Bye44 Bergen Episode 7 Sascha Alexander Anonsen27 Fagernes Marie Louise Steffens26 Oslo Annelin Leirvik26 Narvik Kari Rypdal26 Trondheim Knut Aga jr.29 Skedsmo Episode 2 Kari Mette Gjertsen28 Asker Episode 1 Annan info Antall deltakarar 12 Antall episodar 10 + ein spesialepisode der moldvarpen vert avslørt Sendeperiode Måndagar frå 31. januar til 3. april 2000 Premie 145 000 krAftenposten aften – Avslørt som muldvarp (4.4.2000, s.27) Innspelingsstad Innspelingsperiode Tre veker i oktober (frå 7. oktober)Aftenposten - Nytt psykodrama på TV-norge (8.10.1999, s.39) «I går startet TV-Norge opptakene til sitt nye TV-eksperiment, Muldvarpen» Antall søkjarar ca. 1 500

Sesong 2 (2001) Deltakarar sesong 2 NavnTVNorge Muldvarpen 2001 (arkivert versjon) Alder Heimstad Sendt heim Paula Bracht26 Argentina / Oslo Per Simon Grette 36 Haugesund / OsloMoldvarp Sarah Grindvold Kalsås23 OsloFinalist Tonje Kristin Wøllo26 Sande / Drammen Episode 9 Synnøve Skarbø30 Stranda / Oslo Episode 8 Nicolay Kristiansen28 Oslo / Bodø Episode 7 Pål Harr Bjerkli45 Harstad / Oslo / Mo i Rana Episode 6 Lill-Ann Kaborg Ellegård39 Raufoss / Oslo Episode 5 Kim Tore Sander30 Bergen Episode 4 Randi Østensen46 Bergen / Stavanger Episode 3 Svein Roar Aas26 Bodø / Oslo / Mo i RanaEpisode 2 André Nerheim24 Stord / Bergen Episode 1 Annan info Antall deltakarar 12 Antall episodar 10 + ein spesialepisode der moldvarpen vert avslørt Sendeperiode Måndagar frå 29. januar til 2. april 2001 Premie 223 000 kr Innspelingsstad Innspelingsperiode Hausten 2000

Sesong 3 (2002) Deltakarar sesong 3 NavnTVNorge - Muldvarpen 2002 (arkivert versjon) Alder Heimstad Sendt heim Cathrine Andersen30 Oslo Ingrid Christiansen Hollekim 28 HamarMoldvarp Anette Bjørnstad 23 Sandefjord / Bø i TelemarkFinalist Petter Jacobsen21 Bærum Episode 11 Tone Karlsen24 Tromsø Episode 10 Mohamed Ahssain26 Marokko / Oslo Episode 9 Solveig Gjerde48 Åsgårdstrand Episode 8 Truls Barhaugen45 Fjellfoten Episode 7 Trond Totland 41 Bergen Episode 6 Ingrid Kvalheim Sunde25 Måløy Episode 4 Matti Kristiansen28 Oslo Episode 3 Håkon Iversen28 Sandefjord Episode 2 Annan info Antall deltakarar 12 Antall episodar 12 Sendeperiode Måndager frå 23. september til 9. desember 2002 Premie 267 000 kr Innspelingsstad Innspelingsperiode Hausten 2001

Sjåartal og mottaking Fyrste sesong hadde eit sjåarsnitt på 200 000 (Premieren vart sett av 227 000, medan finalen vart sett av 248 000). Andre sesong hadde eit snitt på 315 000 sjåarar og i tredje sesong låg sjåartalet på mellom 180 000 og 222 000.VG - MULDVARPEN AVSLØRT (4.4.2000) «Rundt 200 000 seere har fulgt intrigespillet på TVNorge hver uke.»VG - TV-toppen 1.10.2002 til 19.11.2002

Dagbladet si omtale av premieren av fyrste sesong var forholdsvis lunken. Aftenposten meinte at premieren hadde ei viss spenning, men at sjølve komplottet verkte kaotisk og forvirrande. VG skildra den som stilfull, men stillestående.

Referansar

Kategori:Norske fjernsynsseriar frå 2000-åra