Super Mario 3D All-Stars er ein kompilasjon av tredimensjonale plattformspel for Nintendo Switch. Han var utgjeven i samband med 35-årsjubileet til Super Mario-serien, med HD-versjonar av Super Mario 64 (1996), Super Mario Sunshine (2002) og Super Mario Galaxy (2007).
Kompilasjonen vart utgjeven internasjonalt 18. september 2020. Han fekk positiv omtale, med ros for dei tekniske forbetringane, kontrollane og spela i seg sjølve, men presentasjonen fekk meir blanda mottaking, der kritikk var retta mot den tidsavgrensa utgjevinga, mangelen på ekstra innhald og fråværet av Super Mario Galaxy 2 (2010).
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:3D-plattformspel Kategori:Dataspel frå 2020 Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:Super Mario