Sander Gard Bolin Berge () er ein norsk fotballspelar frå Bærum. Han er midtbanespelar og gjer sidan 2024 teneste i den engelske fotballklubben Fulham FC.
Karriere Klubbspel Berge seriedebuterte med Asker Skiklubb i 2013, eit lag på nivå 3 i seriesystemet. Sesongane 2015 og -16 spelte han for Vålerenga i den norske toppserien. Frå januar 2017 til januar 2020 var han aktiv i den belgiske klubben KRC Genk. Her var han med på å verte ligameister i 2019. Deretter spelte han for engelske Sheffield United, eit lag som spelte i Premier League, for så rykke ned og direkte opp att. 2023/24-sesongen var han Burnley-spelar. I august 2024 skreiv han kontrakt med Fulham FC, enno eit Premier League-lag.
Landslagsspel Frå landslagsdebuten mot Nord-Irland i Belfast i mars 2017 har Berge pr. 1. april 2026 delteke i 64 av Noregs landskampar. Han har skåra eitt landslagmål.
Kjelder
eu-football
Denne artikkelen bygger på «Sander Berge» frå , den 17. oktober 2020.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Genk-spelarar Kategori:Vålerenga-spelarar Kategori:Sheffield United-spelarar Kategori:Folk frå Bærum Kategori:Burnley-spelarar Kategori:Fulham-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2026