The Adventures of Panama Red er det fjerde studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage, gjeve ut i 1973. Albumet nådde 55. plassen på Billboard-lista i USA.

Albumet inneheld to songar skrivne av Peter Rowan — «Panama Red», som vart ein radiohit, og «Lonesome L.A. Cowboy». Ein annan song, «Kick in the Head», vart skriven av Robert Hunter. Donna Jean Godchaux og Buffy Sainte-Marie medverkar med korvokal på fleire spor.

Allmusic skreiv om albumet: «Det er ikkje tradisjonell country, og det er utdatert, men likevel har Panama Red mykje sjarme som ei etterleivning frå fortida. Tittelsporet og 'Lonesome L.A. Cowboy', med den klynkande steelgitaren til Cage, ber mykje av vekta til bandet og skil dei frå praktisk talt alle andre Vestkyst-band som prøvde seg på det same. The Flying Burrito Brothers var meir country og Commander Cody sitt Lost Planet Airmen svinga hardarar, men ein ting The New Riders var meir enn noko anna var stein, og desse songane med titlar som 'Important Exportin Man' og 'Kick in the Head' og tekstar som 'I've been smokin' dope, snortin' coke/Tryin' to write a song/Forgettin' everything I know until the next line comes along' berre understrekar dette. Det raraste er at plata heng så vakkert saman og songane er så stramme utan noko ekstra mellom, og det kjennest som om plata er langt lengre enn dei 29 minuttar ho varer.»

Innhald

Medverkande

New Riders of the Purple Sage John Dawson – gitar, vokal, solovokal på «Lonesome L.A. Cowboy», «One Too Many Stories», «You Should Have Seen Me Runnin» og «Cement, Clay and Glass» David Nelson – elektrisk gitar, vokal, solovokal på «Panama Red» og «Teardrops In My Eyes» Dave Torbert – bass, gitar, vokal, solovokal på «It's Alright with me», «Important Exportin' Man», «Kick In the Head», «L.A. Lady» og «Thank the Day» Buddy Cage – pedalsteelgitar Spencer Dryden – trommer, perkusjon

Andre musikarar Donna Jean Godchaux – vokal på «Important Exportin Man» og «L.A. Lady» Buffy Sainte-Marie – vokal på «You Should Have Seen Me Runnin'» og «Cement, Clay and Glass» Norbert Putnam – bass på «Thank the Day» The Memphis Horns, arrangert av Norbert Putnam og The Memphis Horns

Produksjon Produsent: Norbert Putnam Recording lydteknikar: Tom Flye Assisterande lydteknikarar: John Stronach, Bobby Hughes Lydteknikars: Tom Anderson, Phil Brown, Bob Edwards Remix: Norbert Putnam Plateomslag: Lore and Chris Innspelt i Record Plant, Sausalito Miksa i Quadrafonic Studios i Nashville

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Adventures of Panama Red» frå , den 18. oktober 2020.

Kategori:New Riders of the Purple Sage-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Norbert Putnam Kategori:Columbia Records-album