mini|Polkagrisar i krukker. Polkagris er ein type godteri som består av vatn, sukker, peparmynteolje, glukose og eddik. Den klassiske varianten er raud-og-kvitstripa drops.
Ein framstiller dei stripa dropsa ved å rulla ut lengder av ein kvit og ein raud sukkermasse. Deretter tvinnar ein ei kvit lengd og ei raud lengd saman, og kappar den tvinna lengda opp i mindre bitar.
Soge mini|venstre|portrett|Ulikt smakssette polkagrisar i Granna. mini|Polkagrisstong. Den første som laga polkagrisar var svenske Amalia Eriksson som i 1859 fekk løyve av magistraten i Gränna til å skipa sukkerbakeri og til å laga drops. Namnet kjem av den store populariteten i samtida til den nye dansen polka, medan gris var eit vanleg namn på godteri.Marabou: Polkipedia Henta 17. november 2010. Eriksson var opphavleg ei fattig enkje, men blei rik på verksemda. VM i polkagrislaging blei halde i Gränna kvart år frå 1994 til 2014.
Polkagrisar er ofte knytte til jul. Dette kjem truleg av ei samanknyting med ein utbreidd amerikansk juletradisjon med å henga opp raud-og-kvitstripa dropsstenger forma som spaserstokkar, såkalla «candy canes», som julepynt.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Polkagris» frå , den 23. oktober 2020.
Bakgrunnsstoff
Oppskrift på polkagrisar Kategori:Svensk mat Kategori:Godteri Kategori:Svenske ord og uttrykk Kategori:Julepynt