Treleoparden er ei mellomform mellom store og små kattedyr som finst i regnskog i Søraust-Asia. Som namnet seier, lever han stort sett i tre. Arten er særs sky, og ein veit lite om korleis han oppførar seg i vill tilstand.

Skildring mini|venstre|Treleopard. Treleoparden er slank, men muskuløs. Han har korte bein og lang hale, som hjelper han å halda balansen når han klatrar. Kroppslengda er 60-110 cm, og vekta er ikkje meir enn 15-20 kg.

Levevis Ein veit lite om korleis treleopardar lever i naturen. Dei jaktar hovudsakleg på fugl og små pattedyr om morgonen og kvelden i tre. Som jegerar er dei lydlause og fangar byttet ved å slå med dei breie framlabbane. Midt på dagen og natta kviler dei i trekroner.

Det er to-fire ungar i kullet, og dei vert fødde om våren. Dei vert overlatne til seg sjølv ved ni-månadars-alderen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Clouded Leopard» frå , den 11. august 2006.

Verdens dyr, Cappelen 1985 Hele verdens dyreliv, LibriArte 1996

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kattedyr Kategori:Dyr i Nepal Kategori:Dyr i Thailand Kategori:Dyr i Kambodsja Kategori:Dyr i Vietnam Kategori:Dyr i Laos Kategori:Dyr i Kina Kategori:Dyr i India