Christopher Alan Young () er ein USA-amerikansk countrysongar og låtskrivar. I 2006 vann han sesong 4 av fjernsynsshowet Nashville Star. Etter dette fekk han kontrakt hos RCA Records Nashville og gav ut det sjølvoppkalla debutalbumet sitt same året. Det gav han han to hitsinglar på Hot Country Songs-lista med «Drinkin' Me Lonely» og «You're Gonna Love Me». Det andre albumet hans, The Man I Want to Be, kom ut 1. september 2009. Det inneheld singlane «Voices», «Gettin' You Home (The Black Dress Song)» og tittelsporet, som alle nådde toppen av countrylista. Det tredje albumet til Young, Neon, gav han to førsteplassar til med «Tomorrow» og «You» i 2011 og topp 5-hitten «I Can Take It from There» i 2012. Oppfølgjaren A.M. frå 2013, og produserte tre nye singlar som nådde topp 5 «Aw Naw», «Who I Am with You» og «Lonely Eyes». Det femte albumet hans, I'm Comin' Over, kom ut 13. november 2015. I 2017 vart Young innlemma i Grand Ole Opry.
Diskografi Studioalbum Chris Young (2006) The Man I Want to Be (2009) Neon (2011) A.M. (2013) I'm Comin' Over (2015) It Must Be Christmas (2016) Losing Sleep (2017)
Songar
Singlane hans er mellom anna
«Gettin' You Home (The Black Dress Song)» (2009, førsteplass på country-salslista og Country Airplay-lista i USA)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Chris Young (singer)» frå , den 8. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:USA-amerikanske countrysongarar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Grand Ole Opry-medlemmar Kategori:Folk frå Murfreesboro i Tennessee