For øya med same namn, sjå øya Vestvågøy.
Vestvågøy er ein kommune i Lofoten i Nordland fylke. Kommunen blei til den 1. januar 1963 då kommunane Borge, Buksnes, Hol og Valberg blei slått saman. Det meste av kommune ligg på øya med same namn.
Vestvågøy grensar til Vågan kommune i aust og Flakstad i vest. Hurtigruta legg til dagleg i Stamsund.
Kommunevåpenet syner to opprette og motstilte tørrfisk i sølv på blå bakgrunn.
Økonomi Folk i området levde tradisjonelt som fiskarbønder. I dag er fiske og fisketilverking den viktigaste næringsvegen, men også jordbruket har mykje å seia.
Tettstader i kommunen Ballstad Gravdal Leknes Stamsund
Folk frå Vestvågøy Kristin Røymo, tidl. Tromsø-ordførar
Kjelder
Thorsnæs, Geir. Vestvågøy: kommune ((8. juli 2010), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. januar 2014.
Bakgrunnsstoff Vestvågøy kommune sine heimesider
Kategori:Kommunar i Nordland Kategori:Lofoten