Kate McGarrigle ()Obituary at CBC News , 19. januar 2010 var ein kanadisk visesongar og låtskrivar, som var ein del av ein duo med systera Anna McGarrigle.

Ho er mor til songaraneRufus Wainwright og Martha Wainwright frå ekteskapet hennar med den amerikanske visesongaren Loudon Wainwright III, som enda i skilsmisse.

I 1960-åra etablerte dei to systrene seg i visemiljøet i Montreal, medan dei framleis gjekk på skulen. Frå 1963 til 1967 slo dei seg saman med Jack Nissenson og Peter Weldon og skipa visegruppa Mountain City Four. Systrene skreiv, spelte inn og framførte musikk dei neste 30-40 åra, i lag med ei rekkje andre artistar, som Chaim Tannenbaum og Joel Zifkin.

McGarrigle døydde av kreft i 2010.

Diskografi Kate & Anna McGarrigle (1976) Dancer with Bruised Knees (1977) Pronto Monto (1978) Entre la jeunesse et la sagesse (1980) Love Over and Over (1982) Heartbeats Accelerating (1990) Matapédia (1996) The McGarrigle Hour (1998) La vache qui pleure (2003) The McGarrigle Christmas Hour (2005) ODDiTTiES (2010) Tell My Sister (2011) Sing Me the Songs: Celebrating the Works of Kate McGarrigle (2013)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kate McGarrigle» frå , den 21. november 2020.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Kanadiske visesongarar Kategori:Kanadiske låtskrivarar Kategori:Døde av kreft Kategori:Order of Canada Kategori:Rufus Wainwright Kategori:Musikarar frå Montreal