Old Yellow Moon er eit studioalbum av dei amerikanske countrymusikarane Emmylou Harris og Rodney Crowell, gjeve ut 26. februar 2013 i USA på Nonesuch Records.Det er det 27. albumet til Harris totalt og det tiande studioalbumet til Crowell.
Albumet vart produsert av den tidlegare ektemannen og mangeårige produsenten til Harris, Brian Ahern og vart spelt inn i 2012 i Eastern Island Sounds og Ronnie's Place, begge i Nashville.Old Yellow Moon, booklet
Informasjon
Old Yellow Moon var eit av mange samarbeidsprosjekt mellom Harris og Crowell, og det første som kom ut som eit samarbeidsalbum. Dei hadde planlagt og ønskt å spele inn eit duettalbum i mange år. I notata til plateboksen Songbird: Rare Tracks and Forgotten Gems i 2007, skreiv Harris at «me har snakka om å lage eit duettalbum i 34 år, og eg sver at me skal gjere det.»Emmylou Harris (2007): Songbird: Rare Tracks and Forgotten Gems (box set), booklet
Harris og Crowell hadde møtt kvarandre nesten 40 år før albumet kom ut, i 1974, og dei to starta å arbeide i lag nesten med ein gong. Harris spelte inn Crowell-songen «Bluebird Wine». Songen vart opningssporet på Pieces of the Sky av Harris frå 1975, og vart spelt inn på ny for Old Yellow Moon med ein litt anna tekst, og med Rodney Crowell på solovokal.
I 1975 vart Crowell ein del av bandet til Harris, «The Hot Band». Han turnerte med henne og var musikar på dei fleste albuma hennar i 1970- og 1980-åra. I tillegg har Harris spelt inn kring 20 songar skrivne av Crowell gjennom åra, som «I Ain't Living Long Like This», «Leaving Louisiana in the Broad Daylight» og «Till I Gain Control Again». Harris var til gjengjeld korvokalist og musikar på debutplata til Crowell, Ain't Living Long Like This, i 1978.
Old Yellow Moon nådde topp 10 på countryalbumlista og vann Harris den 13. Grammyprisen hennar i 2014 for beste americana-album.
Songar
Den første songen frå Old Yellow Moon, «Hanging Up My Heart», vart lagt ut offisielt på YouTube i desember 2012. Duoen spelte hovudsakleg inn eldre songar, som den tidlegare nemnde «Bluebird Wine» og Crowell-songen «Here We Are», som vart spelt inn av Harris og George Jones i 1979 for albumet hans My Very Special Guests. Dei spelte òg inn Roger Miller sin «Invitation to the Blues», som var ein hit for Ray Price i 1958.
«Spanish Dancer» vart skriven og spelt inn av Patti Scialfa for hennar Rumble Doll i 1993. På Old Yellow Moon er songen blitt ein typisk Harris-ballade. «Open Season on My Heart», dels skriven av Crowell, var tidlegare spelt inn i 2004 av Tim McGraw for albumet sitt Live Like You Were Dying.
«Chase The Feeling», som i lag med «Black Caffeine», har ein noko annleis og «hardare» stil samanlikna med resten av albumet, vart skriven av Kris Kristofferson og kom ut i 2006 på albumet hans This Old Road. «Dreaming My Dreams» var skriven av Allen Reynolds, som produserte eit par av albuma til Emmylou Harris tidleg i 1990-åra. Opphavleg var denne songen ein hit for Waylon Jennings.
«Bull Rider» var skriven av Crowell for Johnny Cash, som spelte han inn i 1979 for albumet Silver. Tittelsporet på albumet er ein song skriven av Hank DeVito, som var medlem av Hot Band i 1970-åra.
Innhald
Medverkande
Emmylou Harris – vokal, akustisk gitar, tamburin Rodney Crowell – vokal, akustisk gitar
Andre medverkande
Teknisk Brian Ahern – produsent Shannon Ahern – produsentassistent Chuck Ainlay – lydteknikar Donivan Cowart – lydteknikar John Baldwin – assisterande lydteknikar Noland O'Boyle – assisterande lydteknikar Bob Ludwig – mastering
Salslister Liste (2013) Plassering Den belgiske albumlista (Flandern)38 Den belgiske albumlista (Vallonia)115 Den danske albumlista32 Den nederlandske albumlista22 Den franske albumlista123 Den tyske albumlista71 Irish Individual Artist Albums33 Den newzealandske albumlista24 Norske VG-lista6 Den svenske albumlista12 Den sveitsiske albumlista47 UK Albums Chart42 UK Country Albums Chart1 US Billboard 20029 US Billboard Top Country Albums4 US Billboard Top Folk Albums3
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Old Yellow Moon» frå , den 22. november 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 2013 Kategori:Emmylou Harris-album Kategori:Rodney Crowell-album Kategori:Nonesuch Records-album Kategori:Album produserte av Brian Ahern