Verdscupen i langrenn for menn i 1990-sesongen omfatta 11 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 9. desember 1989 og vart avslutta 12. mars 1990. Dei 11 individuelle renna bestod av fire tevlingar over 15 kilometer, fem over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Salt Lake City (2) i USA, Calgary (2) i Canada, Moskva i Sovjetunionen, Olivone i Sveits, Val di Fiemme (2) i Italia, Reit im Winkl i Vest-Tyskland, Lahti (2) i Finland, Trondheim og Vang (2) i Noreg, Örnsköldsvik (2) i Sverige.
Norske Vegard Ulvang gjekk til topps i verdscupen, utan å vinne eit einaste enkeltrenn. Han vann FIS-pokalen med minst mogleg margin til Gunde Svan frå Sverige, som elles vann tre enkeltren. Det same gjorde tredjemann i turneringa, norske Bjørn Dæhlie. Christer Majbäck frå Sverige, Jochen Behle frå Vest-Tyskland, Vladimir Smirnov og Aleksej Prokurorov, begge Sovjetunionen, og norske Terje Langli, sigra i kvart sitt enkeltrenn.
Individuelt Plass Utøvar Land Poeng 1 Vegard Ulvang 145 2 Gunde Svan 144 3 Bjørn Dæhlie 118 4 Jochen Behle 88 5 Christer Majbäck 86 6 Torgny Mogren 78 7 Vladimir Smirnov 74 8 Terje Langli 52 9 Jan Ottosson 48 10 Lars Håland 43 11 Henrik Forsberg 40 12 Harri Kirvesniemi 36 13 Uwe Bellmann 35 14 Aleksej Prokurorov 30 15 Igor Badamsjin 29 16 Torgeir Bjørn 27 17 Markus Gandler 26 18 Giorgio Vanzetta 26 19 Øyvind Skaanes 23 20 Gianfranco Polvara 21 21 Luboš Buchta 20 22 Alfred Rungaldier 19 23 Andrej Kirillov 19 24 Jari Räsänen 19 25 Maurilio De Zolt 18
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Skilanglauf-Weltcup_1989/90» frå , den 28. november 2020.
Kategori:Nordiske greiner 1990