mini|Ei skjematisk framstilling av dei ni verdene i norrøn mytologi plasserer Midgard i midten thumb|Yggdrasil held verda oppe, Midgard i midten kviler på røtene av treet Midgard (norrønt Miðgarðr) er i norrøn mytologi menneska sin buplass, som æsene bygde av Yme sin lekam. Midgard ligg utanfor Åsgard, mellom gudeheimen og jotunheimen. Midgard ligg midt i det norrøne verdsbiletet.

Namnet Omgrepet Midgard er svært gamalt. Ein finn det i fleire germanske språk, og tidlegast i Codex Argenteus frå 333. Her opptrer ordet Midjungards, som er gotisk for Midgard, i Juleevangeliet. På gamalengelsk er omgrepet Middangeard («kosmos»), som vart til Middle-earth i Tolkien si diktarverd. Sjølv om omgrepet ikkje er å finne i skandinaviske kjelder før i det 11. hundreåret så er det utvilsamt eit gamalt germansk omgrep.

I Edda-litteraturen Midgard er nemnd tidleg i dei gamle Eddadikta. Voluspå beskriv det såleis: ... men gras var ikkje / før Burs søner baud / bøar seg lyfte, / dei som Midgard / mætan skapte. (Burs søner tyder gudane Odin, Ve og Vilje). Skapinga av Midgard er også omtalt i diktet Grimnesmål, vers 40-41.

Om staden Midgard ligg midt i verda. Her bur både æser, menneske, vanar og alvar. Ein mur til vern mot Utgard (også kalla Jotunheimen) er skapt av augebryna til urguden Yme. Åsgard ligg midt i Midgard, og i Åsgard ligg Valhall. Kjelder

Kategori:Stader i norrøn mytologi