Hever Castle er eit slott i landsbyen Hever i Kent sør i England. Det var sete for slekta Boleyn (opphavleg «Bullen») frå 1462 til 1539.Jenkins, Simon (2003). Discover Britain's historic houses. The Southeast. Pub. Reader's Digest. . S. 43. Den framtidige dronninga Anne Boleyn budde her i delar av oppveksten.
Historie Den eldste delen av bygningen stammar frå 1270, og består av eit porthus og ei motte-and-bailey-borg. Denne bygningen tilhøyrde James Fiennes, 1. baron Saye and Sele. I 1462 blei det bygd om til ein forskansa herregard i tudorstil av Geoffrey Boleyn, som var Lord Mayor of London. Restane av tømmerbygningen er enno synlege innanfor steinveggene. Den tredje byggjeperioden med omfattande reparasjon og renovering var på 1900-talet, då staden blei kjøpt av William Waldorf Astor.
Barnebarnet til Geoffrey Boleyn, Thomas Boleyn, arva slottet i 1505. Han budde her med kona si lady Elizabeth Howard, og blei både fødd og gravlagd der. Den seinare engelske dronninga Anne Boleyn og syskena hennar Mary og George var her i delar av oppveksten.
mini|venstre|Den opphavlege portbygningen til Hever Castle i 2005.
I 1536 blei Anne og George Boleyn avretta, og då faren døydde i 1539 gjekk slottet til krona. Kong Henrik VIII gav det til Anna av Kleve då han blei skild frå henne i 1540, men det ser ikkje ut til at ho var der så mykje.
Slottet har sidan hatt fleire eigarar. Blant anna er Waldegravefamilien nemnd i 1557, og Meade Waldo-familien frå 1749 til 1903. I sistnemnde periode forfall slottet stadig meir, og eigarane byrja å leiga det ut. I 1903 blei det kjøpt av den amerikanske millionæren William Waldorf Astor, som fekk det fullstendig restaurert og brukte det som familieresidens.John Turner, ‘Astor, William Waldorf, first Viscount Astor (1848–1919)’, rev. Oxford Dictionary of National Biography, Oxford University Press, 2004; Han fekk også bygd ein tudorlandsby (også kalle «The Astor Wing») og fekk laga ein «Italian Garden» for å visa fram samliinga si av statuar og ornament.
Slottet blei verna som Grade I den 10. september 1954; dette var etter at tudorlandsbyen var bygd.
I 1983 selte Astor-familien slottet til Broadland Properties Limited, som er drive av familien Guthrie. Eigedomen er no gjort om til konferansesenter. Slottet er ope for publikum, og er spesielt kjent for labyrintane i hageanlegget og for ei omfattande samling av torturinstrument.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hever Castle» frå , den 3. desember 2020.
Denne artikkelen bygger på «Hever Castle» frå , den 16. november 2022.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Slott i England Kategori:Bygningar i Kent