Jon Todal () er ein norsk professor i samisk sosiolingvistikk ved Samisk høgskole.
Liv og virke Todal vart cand. philol. ved Universitetet i Trondheim i 1980. Hovudoppgåva handlar om striden om opplæringsmålet i folkeskulen i Sør-Trøndelag i 1930-åra. Han vart dr.art. med ei avhandling om vitalisering av samisk i 2002. Han har arbeidd spesielt med vitalisering av sørsamisk og m.a. skrive monografien Samisk språk i Svahken sijte om dette arbeidet. Todal har vore opptatt av livssoga til den samiske misjonæren Edvard Masoni, og i 2023 kom boka Edvard Masoni. Ein samisk misjonær i kolonialismens tidsalder med Todal som hovudforfattar.
Han var også leiar for Fagleg analysegruppe for samisk statistikk frå gruppa vart oppretta 1. oktober 2007 av Sametinget og det tidlegare Arbeids- og inkluderingsdepartementet og fram til 2016. Den faglege analysegruppa gjev ut skriftserien Samiske tall forteller /Sámi logut muitalit.
Todal er opphavleg frå Nordmøre. Han har arbeidd ved Alta vidaregåande skole, Alta lærarhøgskole og frå 1989 ved Samisk høgskole i Kautokeino.
Todal har vore aktiv i målrørsla. Han har vore leiar av Studentmållaget i Nidaros og medlem av landsstyret i Noregs Mållag.
Bibliografi (utval) Todal, Jon 2002. -jos fal gáhttet gollegielat" : vitalisering av samisk språk i Noreg på 1990-talet. Doktoravhandling, UiT. Todal, Jon 2007. Samisk språk i Svahken sijte : sørsamisk vitalisering gjennom barnehage og skule. Utgitt av Nordisk samisk institutt, 2007. (= Dieðut nr 1,2007) ISBN 978-82-7367-010-6 Todal, Jon og Lovisa Mienna Sjöberg 2007. Edvard Masoni. Ein samisk misjonær i kolonialismens tidsalder ISBN 9788253043296
Kjelder
Kategori:Professorar ved Samisk høgskole Kategori:Målfolk Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Folk frå Møre og Romsdal Kategori:Personar innafor samisk språkforsking