mini|Russiske bojarar frå 1500-1600-talet Bojar (russisk боярин, bojarin; ukrainsk буй eller боярин, bulgarsk боляр eller болярин, rumensk boiar) var medlemmar av den aristokratiske føydaladelen som hadde høgast rang først i Kievriket og seinare i Russland og Litauen.

Bojarar var berre underlagt den herskande storfyrsten i riket. Dei fanst i Kievriket og seinare i Russland og Litauen (tilsvarande dagens Ukraina, Kviterussland, europeisk Russland og Litauen) frå 900- til 1600-talet. Tittelen blei òg nytta i Bulgaria, Serbia, Valakia og Moldavia. Bojarane utgjorde det herskande sjiktet av store godseigarar. Bojardumaen eller rådet av bojarar hadde ei viss makt i Moskva-staten (1480–1689), men tapte mykje av dette under Ivan den fælslege. Dumaen blei avskaffa i 1711 av Peter den store.

Dei russiske bojarane blir tradisjonelt delte inn i tre kategoriar:

Den urgamle moskovittiske adelen som hadde tent storfyrstane frå 1300-talet (mellom anna slektene Romanov, Godunov og Sjeremetjev). Fyrstane av Rurik-dynastiet som budde i Moskva etter at rika deira var blitt annekterte inn i Storfyrstedømmet Moskva (mellom anna slektene Sjujskij, Vorotynskij og Repnin). Utanlandske fyrstar frå Litauen og Den gylne horden som skal stamma frå Djenghis Khan (mellom anna slektene Belsk og Mstilavskij).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bojar» frå , den 14. desember 2020.

Kategori:Adelstitlar Kategori:Rumensk historie Kategori:Bulgarsk historie Kategori:Russisk historie Kategori:Russiske ord og uttrykk