Fotballklubben Haugesund er ein fotballklubb frå Haugesund, ofte omtala som FK Haugesund. I dag spelar klubben i . Noverande hovudtrenar er . Klubben spelar heimekampane sine på Haugesund stadion.

Historie Klubben vart stifta i 1993 etter at klubbane Haugar og Djerv 1919 slo saman elitelaga sine, med målsetting om å skapa eit stabilt eliteserielag. I tillegg var fotballklubben Vard Haugesund aktuell til å delta i samanslåinga, men generalforsamlinga i klubben valde å stå utanfor. Laga i aldersklassane og for kvinner gjekk ikkje inn i den sameinte klubben. Hausten 2005 vart samtalane om å innlemma Vard teke opp att, og frå sesongen 2006 fyller Vard rolla som eit rekrutteringslag for Haugesund.

I den første sesongen i divisjonssystemet, 1994, vann klubben si 2. divisjonsavdeling. Dei to neste sesongane var laget i 1. divisjon, medan dei debuterte i eliteserien i 1997. FK Haugesund berga plassen i 1997, men i 1998 fekk dei sin første sportslege nedtur då dei rykte ned til 1. divisjon. Laget rykte rett opp att året etter, men det vart med eit år i den øvste divisjonen.

I 2004 rykte både FK Haugesund og Vard Haugesund ned frå 1. divisjon, og i 2005 spela båe laga i 2. divisjon. Haugesund rykte rett opp att. Tilhengjarane av laget er organisert i supportarklubben Maakeberget.

Kjende spelarar Christian Grindheim Jostein Grindhaug Trond Erik Bertelsen Bala Garba Felix Ademola Jan Kjell Larsen Asbjørn Helgeland Per Andreas Haftorsen Rune Wiken Jone Samuelsen

Kjelder

Bakgrunnsstoff FK Haugesund sin nettstad Supportarklubben Maakeberget

Kategori:Fotballag skipa i 1993 Kategori:1993 i Noreg