Where We All Belong er det tredje albumet til The Marshall Tucker Band, utgjeve i november 1974. Det er eit dobbeltalbum der den eine sida er eit studioalbum og den andre eit konsertalbum med lange jammar av bandet og Charlie Daniels som gjestemusikar på fele på «24 Hours at a Time».
Konsertdelen av albumet vart spelt inn i Performing Arts Center i Milwaukee i Wisconsin den 31. juli 1974. Ein trykkfeil i plateomslaget skriv at Toy Caldwell speler sologitar og syng på «Can't You See.» «Can't You See» vart spelt på denne konserten, men kom ikkje ut før på det neste albumet deira, Searchin' for a Rainbow, i 1975. Studiodelen av albumet vart spelt inn i 1974 i Capricorn Studios i Macon i Georgia.
Innhald
Medverkande Doug Gray – solovokal, perkusjon Toy Caldwell – elektrisk og akustisk gitar, steelgitar, solovokal på «This Ol' Cowboy» og «Everyday (I Have the Blues)» Tommy Caldwell – bassgitar, korvokal George McCorkle – elektrisk og akustisk gitar, banjo Jerry Eubanks – fløyte, alt-, baryton- og tenorsaksofon, korvokal Paul Riddle – trommer
Andre medverkande Charlie Daniels – fele på «24 Hours At a Time» og «This Ol' Cowboy» Elvin Bishop – slidegitar på «Where a Country Boy Belongs» Johnny Vernazza – slidegitar på «Where a Country Boy Belongs» Billy Sanders – munnspel, rytmegitar Paul Hornsby – piano, orgel, clavinet Earl Ford – trombone Jerry Joseph – conga Steve Madaio – trompet Sam McPhearson – munnspel Stein – fele
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Where We All Belong» frå , den 29. desember 2020. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Marshall Tucker Band-album Kategori:Musikkalbum frå 1974 Kategori:Konsertalbum frå 1974 Kategori:Capricorn Records-album