mini|Trønderlånn. Fra Ålvundeid i Sunndal kommune på Nordmøre. Lån (av norrønt lǫn, ‘lad, dunge, rekkje’; jfr. færøysk lon, ‘lang bygning’), også kjend som trønderlån og nokre gonger nordmørslån (på Nordmøre) og namdalslån (i Namdalen), er det tradisjonelle våningshuset på mellomstore og større gardar i Trøndelag og på Nordmøre. Låna er smal og lang. Lengda på kortveggen er avgrensa av lengda på tømmerstokken, ofte ikkje meir enn 5–6 meter. Huset kan utvidast ved å byggje på i lengda, og det finst trønderlåner som er meir enn 40 m lange.

Trønderlåna har normalt to etasjar og ståande panel, og det er vanleg med fleire bueiningar der ulike generasjonar og andre slektningar bur.

mini|Trønderlånn med valma tak. Frå Stabblandet i Aure kommune på Nordmøre. Forutan i Trøndelag og på Nordmøre finst det også trønderlåner i grenseområdet til desse, inkludert på større gardar i Østerdalen. Låner i Romsdal og Nord-Norge vert høvesvis kalla romsdalslåner og nordlandslåner.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Trønderlån» frå , den 3. januar 2021.

Kategori:Norsk arkitektur Kategori:Trebygningar Kategori:Ord frå norrønt