War Dance er det tredje og siste studioalbumet til det engelske jazzfusionbandet Colosseum II, utgjeve i november 1977 på MCA Records. Det var det andre albumet dei gav ut dette året.
Alle spora er instrumentale, utanom «The Scorch» som er sungen av Gary Moore.
Allmusic skreiv om albumet: «Sjølv om songane er teknisk imponerande og er ein interessant miks av jazz, hardrock og klassiske element, mislykkast ofte bandet i gjere dei forvrengde riffa meiningsfulle, og etterlet eit inntrykk av det viktigaste fortrinnet til songane er at dei er ekstremt vanskeleg å spele. Tittelsporet og «Major Keys» er unntak som er bygd kring enklare riff, som er utvikla gjennom songen, i staden for å gå tapt i den spansk-aktige trommestilen Hiseman likte så godt.»
Innhald
Medverkande Gary Moore - gitar, vokal (4) Don Airey - Fender Rhodes piano, flygel, Hammondorgel, Minimoog, ARP Odyssey, Solina String Ensemble, Clavinet, røyrbjøller John Mole - bass, piano Jon Hiseman - trommer, perkusjon, cymbalar, gong
Teknisk Monty Babson - leiande produsent Jon Hiseman - produsent Martin Levan - produsent, lydteknikar Nigel Green - assisterande lydteknikar Geoff Halpin - design Paul Wakefield - fotograf
Kjelder
Kategori:Colosseum II-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:MCA Records-album Kategori:Album produserte av Jon Hiseman Kategori:Album produserte av Martin Levan