Walter Carl Becker () var ein USA-amerikansk musikar, låtskrivar og plateprodusent. Han var mest kjend for å ha vore med å skipe jazzrockbandet Steely Dan, der han spelte gitar, bass og var låtskrivar.Russonello, Giovanni, «Listen to 13 Essential Walter Becker Songs.» New York Times, 2017-09-04. Accessed 10. januar 2021.

Becker møtte den framtidige låtskrivarpartnaren Donald Fagen då dei begge studerte ved Bard College. Etter ein kort periode med aktivitet i New York City, flytta dei to til Los Angeles i 1971 og skipa kjernen av Steely Dan, som dei neste ti åra fekk stor suksess som eit kritikarrost band. Då gruppa vart oppløyst flytta Becker til Hawaii og vart mindre aktiv, og arbeidde stort sett som plateprodusent. I 1985 var han ei kort stund medlem av det engelske bandet China Crisis, og produserte og spelte synthesizer på albumet deira Flaunt the Imperfection.

Becker og Fagen starta opp att Steely Dan i 1993 og vart verande aktiv dei neste tjue åra. Dei spelte mellom anna inn Two Against Nature (2000), som vann fire Grammyprisar. Becker gav ut to soloalbum, 11 Tracks of Whack (1994) og Circus Money (2008). Etter å ha kjempa mot spiserøyrskreft, døydde han 3. september 2017.

Solodiskografi Som leiar 11 Tracks of Whack (1994) Circus Money (2008)

Som sidemann eller produsent 1969 Alias Boona, Terence Boylan 1974 First Grade, Thomas Jefferson Kaye 1985 Flaunt the Imperfection, China Crisis 1986 Zazu, Rosie Vela 1987 Light and Shade, Fra Lippo Lippi 1989 Diary of a Hollow Horse, China Crisis 1989 Flying Cowboys, Rickie Lee Jones 1993 Kamakiriad, Donald Fagen 1994 Mose the Fireman, John Beasley 2005 All One, Krishna Das 2005 Tough on Crime, Rebecca Pidgeon 2011 Fra Lippo Lippi, Fra Lippo Lippi

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Walter Becker» frå , den 10. januar 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Elevar ved Bard College Kategori:Musikarar frå New York Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske gitaristar Kategori:USA-amerikanske rockebassistar Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:USA-amerikanske låtskrivarar Kategori:Grammy-vinnarar Kategori:Folk frå Forest Hills i Queens Kategori:Døde av kreft Kategori:Jazzrock-gitaristar