«East St Louis Toodle-Oo» (òg «Toodle-O») er ein komposisjon skriven av Duke Ellington og Bubber Miley og spelt inn fleire gonger av Ellington for forskjellige selskap frå 1926 til 1930 under ymse titlar.1924-1930 Ellingtonia . Duke Ellington Diskografi. Henta 12. januar 2021. Songen gjekk først inn på singellista for Duke Ellington i 1927 og var ein av mange døme på hans tidlege «jungelmusikk».Duke Ellington: East St. Louis Toodle-Oo (OKeh) . Jazz.com. Henta 12. januar 2021. Komposisjonen vart spelt av Steely Dan i 1974 på albumet deira Pretzel Logic.
Innspelingssoge Ellington spelte først inn «Toodle-Oo» i november 1926 for Vocalion Records, som kom ut som Vo (1064). Han spelte inn komposisjonen to gonger til tidleg i 1927 for Brunswick Records. Den første versjonen kom ikkje ut på den tida, men den andre kom ut som Br (3480). Han spelte inn hitversjonen sin i mars 1927 for Columbia Records, under namnet «the Washingtonians». I lag med innspelinga av «Toodle-Oo», spelte han inn to andre komposisjonar på same dagen, «Hop Head» og «Down in Our Alley Blues», der den første nemnde vart gjeven ut som B-sida på Columbia 953-D.Dance, Stanley. Liner notes to The OKeh Ellington. Columbia/Legacy Records, 1991.
29. november 1926 E-4110 Vocalion 1064 3. februar 1927 E-21636 E-21637 E-21538 avvist av Brunswick 14. mars 1927 E-21872 Brunswick 3480, Brunswick 6801, Brunswick 80000, Vocalion 1064 (somme seinare trykk) 22. mars 1927 W 143705-3 Columbia 953-D 19. desember 1927 41245-1 Victor 21703 19. desember 1927 41245-2 Victor 21703, Bluebird B-6430, Montgomery Ward M-4889 19. januar 1928 W 400032-A OKeh 8638 (som «Harlem Twist», av Lonnie Johnson's Harlem Footwarmers, med Johnson på gitar) Mars 1928 2944-A og B Cameo 8182, Lincoln 2837, Romeo 612 (som The Washingtonians), og 108079-1 Pathe 36781, Perfect 14962 (som The Whoopee Makers) (identisk til ei av innspelingane på 2944) 3. april 1930 150167-3 Diva 6046-G, Velvet Tone 7072-V (som Mills' Ten Black Berries) 9. februar 1932 71812-2 and 3 Victor L-16007 (33 1/3 10", første del av ein tre songar lang medley) 5. mars 1937 M-180-1 Master MA-101, Brunswick m7989 (som «The New East St. Louis Toodle-O») 7. februar 1956 Bethlehem Be BCP-60
Musikk «East St. Louis Toodle-Oo» vert spelt med ein knurrande sordin trompet spelt av medkomponisten Bubber Miley, ein av dei første jazztrompetistane som brukte denne stilen. Denne stilen vart seinare utført av Cootie Williams (1937-innspeling), og Ray Nance (1956-innspeling).
For Steely Dan si utgåve av songen, spelte Walter Becker melodien gjennom ein talk box som etterlikna trompetstilen til Miley, medan Jeff «Skunk» Baxter brukte ein pedalsteelgitar for tromboneparten.
Andre innspelingar Dave Grusin - Homage to Duke (1993)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «East St. Louis Toodle-Oo» frå , den 12. januar 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Komposisjonar av Duke Ellington Kategori:Steely Dan-songar Kategori:Jazzkomposisjonar i c-moll Kategori:Songar frå 1927