Aja (utalt som Asia på engelsk) er det sjette studioalbumet av det amerikanske jazzrockbandet Steely Dan. Det kom ut 23. september 1977 på ABC Records. Albumet vart spelt inn med nesten 40 musikarar og bandleiarane Donald Fagen og Walter Becker pressa Steely Dan vidare inn i eksperimentering med ymse kombinasjonar av studiomusikarar og lengre, meir sofistikerte komposisjonar for albumet.
Albumet nådde tredjeplassen på den amerikanske albumlista og femteplassen på den britiske albumlista, og vart etter kvart det bestseljande albumet deira. Det gav dei fleire hitsinglar, inkludert «Peg», «Deacon Blues» og «Josie». I juli 1978 vann Aja Grammyprisen for beste lyd (for ikkje-klassisk musikk) og nominasjonar for årets album og beste popsong av ein duo eller gruppe med vokal. Det har sidan vore inkludert på fleire lister over tidenes beste album og er særleg hylla blant kritikarar og audiofile for den høge produksjonsstandarden.
Innspeling Albumet vart produsert av den mangeårige Steely Dan-produsenten Gary Katz og spelt inn med mange leiande studiomusikarar. Det åtte minuttar lange tittelsporet består av jazzaktige endringar og ein solo av saksofonisten Wayne Shorter.
Tittel og omslag Platetittelen vert uttalt som Asia på engelsk. Donald Fagen har sagt at albumet vart kalla opp etter ei koreansk kvinne som gifta seg med broren til ein av skulevenene hans. Fotografiet på framsida er teke av Hideki Fujii med den japanske modellen og skodespelaren Sayoko Yamaguchi og vart designa av Patricia Mitsui og Geoff Westen. Skodespelar og komikar Phil Hartman, som var grafisk designer tidleg i karrieren, er ofte feilaktig tilskriven for å ha laga omslaget. Bileta på innsida av omslaget vart tekne av Walter Becker og Dorothy A. White.
Utgjeving Aja vart gjeve ut i september 1977 på ABC Records. I førekant av utgjevinga, prøvde Katz å få dei relativt private Fagen og Becker til å tre meir fram i det offentlege, og tok eit møte med Irving Azoff for å sjå om han kunne bli manageren deira. Fagen sa på den tida: «Me var klare for å gå lykkesalig gå gjennom livet utan ein manager».
Med kjennskapane Azoff hadde til platebutikkar og ved å gje ut albumet til lågare pris, vart Aja «eit av dei hottaste albuma og det soleklart raskast seljande Steely Dan-albumet nokon gong», i følgje Cameron Crowe i desemberutgåva av Rolling Stone frå 1977. I løpet av tre veker nådde albumet topp 5 på Billboard 200 i USA, og nådde til slutt tredjeplassen. Det nådde òg femteplassen på den britiske albumlista. I følgje Billboard vart plata den største hitten deira og «eit av dei første albuma som selde til platinaplate».
Då DTS prøvde å lage ein 5.1-versjon, vart det oppdaga at masteropptaka for både «Black Cow» og tittelsporet mangla. Av same årsak vart ein fleirkanals SACD-versjon avlyst av Universal Music. Donald Fagen har kome med tilbod om 600 amerikanske dollar til dei som kan kome med informasjon om kvar desse masteropptaka finst.
Mottaking
I ei melding i 1977 for Rolling Stone skreiv Michael Duffy at «det konseptuelle rammeverket for musikken deira har endra seg frå eit påskot av rock and roll, mot ein glattare, utruleg rein og kalkulert mutasjon av rock, pop og jazz», medan tekstane deira «er like herleg stumpe og kyniske som nokon gong». Duffy la til at sjølv om «det ekstremt sjølvmedvitne intellektet» til duoen byrja å syne avgrensingar, var det «det nettopp denne kvaliteten som gjer Walter Becker og Donald Fagen til dei perfekte musikalske antiheltane for 70-åra.» Robert Christgau i The Village Voice «hata» først plata før han «innsåg, at i motsetnad til The Royal Scam, strekte det meg ein del», og sa at han var «takksam for å sjå at den kollegiale kynismen til Fagen og Becker var i tilbakegang». Men han meinte at hangen dei hadde for lengre, meir sofistikerte songar «kunne bli den fatale feilen deira». Greg Kot var òg lunken mot det stilmessige sidesteget deira og skreiv seinare i Chicago Tribune: «Den kliniske kulda ein først kunne høyre på The Royal Scam er gjort perfekt her. Lengre, meir avslappa songar erstattar den gamle, akerbiske lidinga.» Barry Walters var meir mottakeleg i si seinare melding for Rolling Stone, og sa «rock har alltid utmerka seg i å lekamleggjere ungdomssmerter. Men det er sjendal at rock klarar å fange det vanskelege vaksenlivet på ein så rein måte.» Jazzhistorikaren Ted Gioia siterer det som eit døme på at Steely Dan «beviste at pop-rock kan ha godt av ein frisk dose jazz» i ei tid då mange rockemusikarar ofte eksperimenterte med jazzteknikkar.
Albumet er blitt omtalt av musikkskribentar som ei av dei beste testplatene for audiofile på grunn av den høge produksjonsstandarden. Walters skreiv i meldinga si at «den surrealistisk perfekte lyden på albumet, dei komplekse melodiane og harmoniane - musikk så teknisk krevande at skaparane måtte hente inn A-lista av studiomusikarar for å realisere lydane dei høyrde i hovuda sine men ikkje sjølv kunne spele, sjølv på instrumenta dei sjølv meistra.» I ei melding for ei heil-analog LP-utgåve av Aja frå 2007, gav Ken Kessler frå Hi-Fi News & Record Review høgaste score for både innspeling og framføring og kalla albumet «glimrande jazzrock som ikkje har eldast i det heile - med mindre du reknar 'intelligens' passé. Det er alt du ventar dei smertefullt hippe/kule Becker og Fagen kan levere.»
Aja har ofte vore med på lister over tidenes beste album. I 1991 plasserte franske Rock & Folk Aja på ei liste over dei 250 beste albuma som kom ut medan magasinet hadde eksistert, sidan 1966. I 1999 vart det rangert på 59. plassen på ei liste i den israelske avisa Yedioth Ahronoth over dei 99 beste albuma gjennom tidene. I 2000 vart det plassert på 118. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums. I 2003 vart albumet innlemma i Grammy Hall of Fame og rangert på 145. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene, og hadde same plass på den reviderte utgåva få 2012. I 2006 vart Aja inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die. I 2010 valde Library of Congress ut Aja for USA National Recording Registry fordi det vart rekna som «kulturelt, kunstnarisk eller historisk viktig». I 2020 flytta Rolling Stone albumet opp til 63. plassen på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.
Basert på slike rangeringar har samlenettsida Acclaimed Music plassert Aja på 318. plassen gjennom tidene, 95. plassen for 1970-åra og 13. plassen for 1977.
I 1999 fekk innspelinga av Aja ein eigen episode i den britiske dokumentarserien Classic Albums, der kvar song (utanom «I Got the News») på albumet vart analysert.Classic Albums: Steely Dan – Aja (Video 1999), Directed by Alan Lewins, Eagle Rock Entertainment, ASIN: 6305772649
Yacht rock I seinare meldingar har Aja blitt omtalt som ei viktig utgjeving i utviklinga av såkalla yacht rock. For Spin i 2009 skreiv Chuck Eddy at det var ei av dei åtte essensielle albuma innan sjangeren. I uDiscoverMusic i 2019 sa Paul Sexton at med albumet «annonserte Steely Dan den stadige utforskinga av jazzpåverknad» som kom til å føre til «yacht-rock-meisterverket deira», Gaucho i 1980. Patrick Hosken frå MTV News sa at både Aja og Gaucho synte kor «bra yacht rock er og er musikalsk mykje meir ambisøst enn det kan verke som, ved å knyte blue-eyed soul og jazz til funk og R&B». Aja vart inkludert på lista til Vinyl Me, Please over dei ti beste yacht rock-albuma og skreiv at «Det kan ikkje overvurderast kor viktig Steely Dan har vore for yacht rock … Gaucho er utan tvil det glattaste albumet deira, men på Aja treff Walter Becker og Donald Fagen komfortabelt ned langs midten som ein mainstream hitfabrikk medan det samstundes er ekspansivt og eventyrlystent».
Innhald Alle songar skrivne av Walter Becker og Donald Fagen.
Medverkande Steely Dan
Donald Fagen – solovokal , synthesizer , politifløyte , korvokal Walter Becker – bassgitar , gitar , gitarsolo
Andre medverkande
Victor Feldman – Fender Rhodes , vibrafon , piano , perkusjon Joe Sample – Fender Rhodes , clavinet Paul Griffin – Fender Rhodes , korvokal Michael Omartian – piano Don Grolnick – clavinet Larry Carlton – gitar , gitarsolo Lee Ritenour – gitar Dean Parks – gitar Steve Khan – gitar Denny Dias – gitar Paul Humphrey – trommer Rick Marotta – trommer Ed Greene – trommer Steve Gadd – trommer Bernard Purdie – trommer Jay Graydon – gitar solo Chuck Rainey – bassgitar Jim Keltner – trommer, perkusjon Gary Coleman – perkusjon Tom Scott – tenorsaksofon , Lyricon , blåsearrangement Wayne Shorter – tenorsaksofon Pete Christlieb – tenorsaksofon Jim Horn, Bill Perkins, Plas Johnson, Jackie Kelso – saksofon, fløyte Chuck Findley, Lou McCreary, Dick Hyde – brass Michael McDonald , Timothy B. Schmit , Clydie King , Sherlie Matthews , Venetta Fields , Rebecca Louis – korvokal
Produksjon
Leiande produsent: Stephen Diener [ABC Records] Produsent: Gary Katz Lydteknikarar: Roger Nichols, Elliot Scheiner, Al Schmitt, Bill Schnee Assisterande lydteknikarar: Joe Bellamy, Lenise Bent, Ken Klinger, Ron Pangaliman, Ed Rack, Linda Tyler Mastering: Bernie Grundman Produksjonskoordinering: Barbara Miller Lydkonsulent: Dinky Dawson Konsulent: Daniel Levitin Blåsararrangement: Tom Scott Kunstnarisk leiar: Oz Studios, Vartan Reissue Design: Patricia Mitsui, Geoff Westen Fotografi: Hideki Fujii (framside), Walter Becker, Dorothy A. White Notat i omslaget: Walter Becker, Donald Fagen Koordinering for nytugjeving: Beth Stempel
Unytta opptak Under innspelinga for Aja vart det spelt inn fleire songar som ikkje vart nytta på albumet, som «The Bear Got You». Songen kom aldri ut offisielt, men vart sidan spelt på Shuffle Diplomacy-turneen deira i 2011.
Prisar Grammyprisar ÅrVinnarKategori1977AjaBest lydinnspeling, ikkje-klassisk
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Aja (album)» frå , den 15. januar 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Steely Dan-album Kategori:ABC Records-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Album produserte av Gary Katz Kategori:United States National Recording Registry-innspelingar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Yacht rock-album 145 063