WandaVision er ein amerikansk fjernsynsserie skapt av Jac Schaeffer for strøymetenesta Disney+, basert på Marvel Comics-karakterane Wanda Maximoff / Scarlet Witch og Vision. Serien går føre seg i Marvel Cinematic Universe, etter hendingane i 2019-filmen Avengers: Endgame. WandaVision var produsert av Marvel Studios, med Schaeffer som hovudforfattar og Matt Shakman som regissør.
Elizabeth Olsen og Paul Bettany held fram i rollene som Wanda Maximoff og Vision frå filmane, medan Debra Jo Rupp, Fred Melamed, Kathryn Hahn, Teyonah Parris, Randall Park og Kat Dennings deltek i andre roller.
WandaVision hadde premiere med dei to første episodane 15. januar 2021, og vil kringkastast i til saman ni episodar fram til 5. mars 2021. Serien fekk positiv mottaking frå kritikarar for hyllestene til eldre sitcoms og skodespelet til Olsen og Bettany.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «WandaVision» frå , den 20. januar 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Engelskspråklege fjernsynsprogram Kategori:Fjernsynsseriar frå 2020-åra Kategori:Fjernsynsprogram frå Disney+