«You Turn Me On, I'm a Radio» er ein song skriven og først spelt inn av den kanadiske visesongaren Joni Mitchell. Han kom ut på det femte studioalbumet hennar, For the Roses i 1972, og kom òg ut på singel.
Joni Mitchell-utgåva Joni Mitchell skreiv opphavleg songen som eit svar på at plateselskapet bad ho om ein hitsingel. Mitchell syner kva ho meinte om dette i linjer som «And I'm sending you out this signal here, I hope you can pick it up loud and clear» Ho meinte at om ho la songen til eit radiotema, så kom radiostasjonar til å bli overtydd om å spele songen. Songen vart spelt inn i Hollywood i A&M Studios. Sjølv om Graham Nash, David Crosby og Neil Young alle bidrog til innspelinga, er det berre munnspelet spelt av Nash som kom med på den endelege utgåva.
«You Turn Me On, I'm a Radio» kom ut på singel i november 1972 på Asylum Records. Songen vart den første topp 10-hitten til Mitchell i Canada, og nådde tiandeplassen der på RPM Top Singles-lista. I tillegg vart singelen ein topp 40-hit i USA, og nådde 25. plassen på Billboard Hot 100. Outside North America, «You Turn Me On, I'm a Radio» peaked within the top-forty on the Australske Kent Music Report chart.
Salslister Liste (1972-1973)PlasseringCanada Top Singles (RPM)10Canada Adult Contemporary Songs (RPM)3US Hot 100 (Billboard)25US Hot Adult Contemporary Tracks (Billboard)13Australia Top 100 Singles (Kent Music Report)37
Gail Davies-versjonen
Blant dei mange coverversjonane av songen vart versjonen til countryartisten Gail Davies ein hit då ho gav ut sin versjon på singel i 1982. Davis vart ven av Mitchell tidleg i 1970-åra då ho var studiomusikar for A&M Records i California. Som ein hyllest til Mitchell, spelte Davies inn songen. Etter at singelen kom ut på radio, valde Davies å gratulere både Mitchell og Henry Lewy. Lewy var ansvarleg for å syne Davies korleis ho kunne produsere sine eigne innspelingar. Songen vart spelt inn i «Producer's Workshop» i Hollywood i juli 1982 for albumet Givin' Herself Away.
«You Turn Me On, I'm a Radio» kom ut på singel på Warner Bros. Records i juni 1982. Songen nådde så 17. plassen på Billboard Hot Country Singles-lista i 1982. Det vart den sjuande hitten ho fekk på topp 20 på countrylista og den andre frå dette albumet. I tillegg nådde songen sjuandeplassen på den kanadiske RPM Country Singles-lista.
Salslister Liste (1982)PlasseringCanada Country Songs (RPM)7US Hot Country Singles (Billboard)17
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «You Turn Me On, I'm a Radio» frå , den 24. januar 2021. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Joni Mitchell-songar Kategori:Gail Davies-songar Kategori:Songar skrivne av Joni Mitchell Kategori:Songar produserte av Joni Mitchell Kategori:Songar produserte av Gail Davies Kategori:Asylum Records-singlar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Songar om radio Kategori:Wynonna Judd-songar