Etaten er ein norsk humorserie med åtte episodar som vart send på NRK1 i 2006. Serien handlar om den fiktive karakteren Tor som er tilbake frå permisjon hos Plan- og bygningsetaten, og som etter kort tid blir ny sjef for heile etaten. Grunna den fiktive dokumentarstilen til serien har den av flere blitt samanlikna med den britiske humorserien Kontoret, som vart send på fjernsynskanalen BBC Two frå 2001 til 2003.
Premiss Serien er filma i en fiktiv dokumentarstil og skildrar arbeidsdagen på Plan- og bygningsetaten i ein fiktiv norsk kommune. Hovudfokuset er på den forsiktige og konfliktskye karakteren Tor som blir tildelt eit vikariat som sjef for etaten like etter å ha vore sjukemeldt i eit år.
Produksjon
Rollebesetning
Hovudroller
Atle Antonsen som Tor Anne Marit Jacobsen som Liv Siw Anita Andersen som Berit Jan Sælid som Rikard Ingar Helge Gimle som Runar
Biroller
Trond Fausa Aurvåg som Vidar Lars Erik Holter som Kommunaldirektør John S. Kristensen som Rådmann Muhammed el Hassan som Vaskemann
mini|Hovudrolleinnehavar Atle Antonsen.
Karakterar SkodespelarKarakterEpisodar12345678Atle AntonsenTorXAnne Marit JacobsenLivSiw Anita AndersenBeritJan SælidRikardIngar Helge GimleRuneTrond Fausa AurvågVidarXLars Erik HolterKommunaldirektørJohn S. KristensenRådmannMuhammed el HassanVaskemann
Produsent mini|Regissør og manusforfattar Ole Endresen. Serien vart produsert av det norske produksjonsselskapet Monster og produsent Olav Øen. Etaten fekk 3,5 millionar kroner i tilskot frå Norsk filmfond, og hadde eit totalt budsjett på 11,5 millionar kroner.
Episodar EpisodeNamn på episodeSend1Brobyggeren14. september 20062Vaktmesteren21. september 20063Den nye etaten28. september 20064Ulyder5. oktober 20065Etaten strekker seg litt lenger12. oktober 20066Hundegården19. oktober 20067Verneombudet26. oktober 20068Sluttpakken2. november 2006
Mottaking Etaten vart sett av sjåarar på NRK1 då han hadde premiere 14. september 2006. I snitt enda sesongen på per episode.
Oppfølgar I 2012 fekk Etaten ein oppfølgar då TVNorge hadde premiere på humorserien NAV. Serien er utvikla av dei same som Etaten, Atle Antonsen og Ole Endresen, og fortel historien om Tor vidare etter tida hans i Plan- og bygningsetaten er over. Etter ei opning med 534 000 sjåarar i første episode fall sjåartala jamnt utover sesongen.
Sjå òg
NAV
Referansar
Kategori:Norske humorseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra Kategori:Fjernsynsprogram frå NRK