Ravanafossen (engelsk Ravana Falls, singalesisk ) er ein kjend attraksjon på Sri Lanka. Han ligg sentralt i landet, nær småbyen Ella i Uva-provinsen. Skildring Fossen er kring høg, og fossar ut frå eit ovalt, konkavt fjellutspring. I regntida skal han sjå ut som ein arekapalmeblom. I tørketida er det mykje mindre vatn i fossen. Fossen ligg i verneområdet Ravana Ella Wildlife Sanctuary, unna den lokale jernbanestasjonen ved Ella.
Soger Fossen har namn etter sogekongen Ravana, som opptrer i det kjende indiske eposet Ramayana. Ifølgje soga hadde Ravana, som var konge av [Sri] Lanka, kidnappa prinsesse Sita, kona til Rama, og gøymd henne i holene bak fossane, no kjend som Ravana Ella Cave. På denne tida var hola omgjeven av tjukk skog i eit vilt landskap. Sita skal ha bada i ein dam av vatn frå denne fossen. Ravana skal òg ha spela strengeinstrumentet ravanahatha her.
Ravana Ella-hola Ravana Ella-hola ligg over havet på ei klippe. Hola er eit populært turistmål, rundt frå Bandarawela. Utgravingar i hola har funne spor etter menneske frå 25 000 år tilbake.
Galleri
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ravana Falls» frå , den 11. februar 2021.
Kategori:Fossar på Sri Lanka Kategori:Uva-provinsen