Benjamin Arvola Notkevich () er ein norsk sjakkspelar, stormeister i sjakk (GM).

Internasjonal Meister i sjakk Benjamin Arvola Notkevich vart IM etter 5,5 poeng på 9 parti i Eliteserien i sjakk vinteren 2016-2017, deretter 6 av 9 i ei internasjonal turnering i Havana, Cuba 15-23. mars 2017, og 6 av 9 i Fagernes Chess International 9-16. april 2017. Det siste resultatet var også eit stormeisternapp. Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Med desse sterke resultata i rask rekkefølge oppfylte han dermed også rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400, med 2435 pr. 1. mai 2017. Han vart deretter utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet av "2nd quarter Presidential Board Meeting 2017 by written resolution".Benjamin Arvola Notkevich sin søknad om IM-tittel

Stormeister i sjakk Benjamin Arvola Notkevich klarte sitt første napp i stormeister-tittelen med ovanfor nemnde 6 av 9 i Fagernes Chess International 9-16. april 2017. I same turneringa året etter kom det andre nappet, med 6,5 av 9 i Fagernes Chess International 25. mars - 1. april 2018. Det tredje og avgjerande nappet kom med 6 av 9 i sjakk-OL i Batumi, Georgia 24. september til 5. oktober 2018.Tittel-søknaden til FIDE Med desse sterke resultata i 2018 oppfylte han dermed også rating-kravet, kravet til eigen rating over 2500, med 2506 pr. 1. november 2018. Han blei deretter utnemnd til Noregs 16. stormeister i sjakk på "4th quarter Presidential Board Meeting i London, i november 2018.

Bakgrunnsstoff Benjamin Arvola Notkevich si spelarside hos FIDE Benjamin Arvola Notkevich sine parti hos NorBase Benjamin Arvola Notkevich sine sjakkparti hos Chessgames.com

Fotnotar

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Fødde i 1993 Kategori:Stormeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar