Torquato Tasso () var ein italiensk forfattar, ein av dei største diktarane under motreformasjonen.

Tasso var fødd i Sorrento, son til ein forfattar. Sjølv utmerkte han seg tidleg og arbeidde 1565–75 i hovudsak som hoffpoet og historiograf for Este-hertugane i byen Ferrara. Mellom kvinnene i hoffet såg han modellar både til hyrdespelet «Aminta» og kvinnefigurar til det store heltediktet «Gerusalemme liberata», delar av det siste finst i ei dansk-norsk omsetjing frå 1835 kalla «Det befriede Jerusalem». «Gerusalemme liberata» vart beundra over heile Italia. Samtidige lærde kritiserte derimot diktet for at det storslåtte i tradisjonell riddardikting var erstatta av idyll og elegi.

Tasso var i mange år mentalt sjuk. Han døydde i Roma.

Kjelder Torquato Tasso i Store norske leksikon

Kategori:Italienske forfattarar Kategori:Forfattarar frå 1500-talet Kategori:Folk frå Sorrento