mini|Frå Carnaval de Loulé
Loulé er ein by og kommune i Faro distrikt i den sentrale delen av Algarve sør i Portugal. Han er den største og folkerikaste kommunen i Algarve med eit areal på 764,2 km² og eit innbyggjartal på 70 622 (2011). Sjølve byen har cirka 12 100 innbyggjarar. Kommunen grensar til Almodovar i nord, Alcoutim, Tavira, São Brás de Alportel og Faro i aust og til Albufeira og Silves i vest, med kyst mot Atlanterhavet i sør.
Loulé er ein viktig turiststad på sørkysten av Portugal (Algarvekysten), som er kjend for det årlege karnevalet sitt – Carnaval de Loulé. I tillegg til byen som har gjeve namn til kommunen, omfatta kommunen også byen og feriestaden Vilamoura/Quarteira.
Sokn Lagoa består av ni sokn (freguesias): Almancil Alte Ameixial Boliqueime Quarteira Querença, Tôr e Benafim Salir São Clemente São Sebastião
Folk frå Loulé José Mendes Cabeçadas (1883–1965), president av Portugal i 1926 Aníbal Cavaco Silva (f. 1939), portugisisk statsminister, president av Portugal frå 2006 til 2016
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Loulé» frå , den 4. mars 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Portugal Kategori:Faro distrikt Kategori:Kommunar i Algarve