Yazd-provinsen (persisk استان یزد Ostān-e Yazd ) er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg sentralt i landet og provinshovudstaden er byen Yazd. I 2014 vart han plassert i Region 5. Provinsen dekkjer eit areal på 131 575 km² og er delt inn i ti fylke: Abarkuh fylke, Ardakan fylke, Bafq fylke, Behabad fylke, Khatam fylke, Mehriz fylke, Meybod fylke, Ashkezar fylke, Taft fylke og Yazd fylke. I 2016 hadde provinsen 1,1 millionar innbyggjarar.http://iran.unfpa.org/Documents/Census2011/2011 %20Census%20Selected%20Results%20-%20Eng.pdf

Geografi Yazd-provinsen ligg i ein oase der ørkenane Dasht-e Kavir og Dasht-e Lut møter kvarandre. Sjølve byen vert stundom kalla «brura til Kavir» på grunn av plasseringa i ein dal mellom Shir Kuh, det høgaste fjellet i regionen på 4 075 meter over havet, og Kharaneq. Sjølve byen ligg 1 203 meter over havet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Yazd Province» frå , den 7. mars 2021. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Provinsar i Iran