Nilkrokodillen (Crocodylus niloticus) er ein stor krokodilleart som lever i Afrika. Han høyrer til mellom dei største artane i familien, og er farleg både for dyr og menneske.
Skildring mini|venstre|Hovudskalle
Nilkrokodilla høyrer til mellom dei største krokodilleartane i verda. Dei største eksemplara ein har funne var over seks meter lange og vog 750 kg. Sjå òg krokodille-artikkelen.
Utbreiing Nilkrokodillar førekjem i innsjøar, elvar, våtmarkar og sumpar over nesten heile Afrika og på Madagaskar.
Nilkrokodillen og mennesket Nilkrokodillar hadde ei særs viktig rolle i gamal-egyptisk religion. Guden Sebek hadde sogar krokodillehovud, og byen Krokodiliopolis var i sin heilskap vigd til han og krokodillane hans. Det er funne ei rekke balsamerte nilkrokodillar fleire stadar i landet.
Nilkrokodillen er òg det dyret som drep flest menneske i Afrika på årsbasis.
Kjelder
Vår fantastiske verden, Skandinavisk presse,1990 Menneskenes liv og historie, Carl Grimberg
Denne artikkelen bygger på «Crocodylus niloticus» frå , den 3. september 2006.
Kategori:Krokodilleordenen