Ottar Dahl () var ein norsk historikar.

Dahl vart fødd i Nannestad. Han vart dr. philos. i 1957 på ein historieteoretisk studie om årsakforklaringar i historiefaget. Han vart universitetsstipendiat 1957 og dosent i historie ved Universitetet i Oslo i 1960. Dahl var tilsett som professor i historie same stad frå 1966 til 1991.

Ottar Dahl var den norske historikaren som tidlegast spesialiserte seg på historieteori og historiefagets fagutvikling i Noreg, dvs. på historiografi. Ottar Dahl har utøvd størst innverknad gjennom verkt Norsk historieforsking i det 19. og 20. århundre som i over 40 år har vore standardverket om historiefagets utvikling i Noreg frå 1700-talet til tida etter 1970-talet. Her drøftar Dahl samanhengen mellom historiske syntesar sett fram av dei leiande historikarane i dei ulike epokane og dei ideologiske føremåla som han meiner å kunna avdekka at desse syntesane ser ut til å tena.

Han har òg skrive ei metodebok i kjeldekritikk som var i bruk i lang tid.

Dahl har òg skrive om framvoksteren til fascismen i Italia i mellomkrigstida.

Bibliografi

1996 Fra konsens til katastrofe : kapitler av fascismens historie i Italia ISBN 82-00-22607-7 1996 Fra konsens til katastrofe – kapitler av fascismens historie i Italia 1990 Norsk historieforskning i det 19. og 20. århundre 4. utg. ISBN 82-00-01593-9 1986 Problemer i historiens teori 1967 Grunntrekk i historieforskningens metodelære 1959 Norsk historieforskning i det 19. og 20. århundre (1. utg 1959, 4. utg 1990) 1957 Om årsaksproblemer i historisk forskning (Dr. grads avh.) 1952 Historisk materialisme. Historiesynet hos Koht og Bull

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Ottar Dahl» frå , den 21. mars 2021.

Kategori:Folk frå Nannestad Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske historieprofessorar Kategori:Fødde den 5. januar