Per Maurseth () var ein norsk historikar.

Maurseth vart fødd i Bergen. Han vart dr. philos. i 1979 på avhandlinga Sentraladministrasjonens historie 1814-1845. Per Maurseth var elev av Jens Arup Seip.

Han var ein av initiativtakarane til Sosialistisk Folkeparti som braut ut av Arbeidarpartiet i 1961. I Sosialistisk Folkeparti var han ein periode nestformann og han sat i sentralstyret.

Maurseth vart førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Oslo 1971, og seinare professor i historie ved Universitetet i Trondheim frå 1982 til 2002. Hovudforskingsområdet til Maurseth har vore historia til arbeidarrørsla. Han var redaktør av Tidsskrift for Arbeiderbevegelsens Historie i perioden 1976 til 1986.

Maurseth var oppnemnd av Kongen i statsråd som medlem i Innsynsutvalet som handsama krav om innsyn i Overvåkingspolitiets arkiv og registere i perioden 2001–2007.

Han var far til sosialøkonomen og statssekretæren Per Botolf Maurseth.

Bibliografi

1972 Fra Moskvateser til Kristianiaforslag. Det norske Arbeiderparti og Komintern fra 1921 1981 Embetsmannsstat og Rettsstat. Teorien om ´politikkens opphevelse´ og politisk handling etter 1814 i HT 60 s.169-179 1988 Gjennom kriser til makt 1920-1935 bind 3 av Arbeiderbevegelsens historie i Norge

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Per Maurseth» frå , den 21. mars 2021.

Bakgrunnsstoff

Per Maurseths privatarkiv finnes på NTNU Universitetsbiblioteket,

Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi Kategori:Professorar ved NTNU Kategori:Norske historieprofessorar Kategori:Norske historikarar