thumb|right|Umayyademoskeen i Damaskus. Sulaymān ibn ʿAbd a-Malik (fødd ca. 674, død 717) var den sjuande kalifen av Omajade-kalifatet frå 715 til 717. Han var son av kalif Marwān I, og ein yngre bror av den tidlegare kalifen al-Walīd I. Under styret til broren hadde han vore guvernør av Palestina, der han grunnla byen Ramla. Denne byen herska han så frå, i motsetnad til dei andre umajjadane, som herska frå Damaskus.
Den tiltenkte etterfølgjaren hans var sonen Ayyub, som døydde før faren. Deretter utnemne han Umar ibn Abd al-Aziz til etterfølgjar, som hadde rykte på seg for å vere den dyktigaste, visaste og frommaste personen i si tid, i staden for sin eigne son, som då kjempa i Konstantinopel og framleis var ung. Denne etterfølginga var uvanleg, men streid ikkje med den sunnimuslimske metoden for å velja ein etterfølgjar.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Sulaymān ibn ʿAbd a-Malik» frå , den 29. mars 2021.
Kategori:Kalifar Kategori:Omajade-kalifatet