mini|Bilde av Tom Martin Jon Gomm () er ein britisk låtskrivar og gitarist. Han brukar ein akustisk gitar til å spela både tromme- og perkusjonseffektar, basslinjer og melodiar samtidig. Musikken hans er påverka av fleire stilartar, mellom anna blues, soul og rock. Michael Hedges er ei viktig inspirasjonskjelde for Gomm. Han har gjeve ut fire studioalbum og har turnert på heiltid sidan 2004.

Biografi Jon Gomm byrja med å spela ukulele då han var to år gamal. Ukulelen vart vald fordi foreldra hans fann ikkje ein gitar som var liten nok. Han fekk undervisning i klassisk gitar frå han var fire år gamal. Då han var tolv år gamal følgde han faren sin, som var ein musikkmeldar for konsertar i heimbyen Blackpool. Når turnerande musikarar spelte på desse konsertane fekk Jon fleire gonger gitartimar med legendariske gitaristar som B.B. King og Jack Bruce frå Cream. Då Gomm kom i tenåra byrja han å spela rock og elektrisk gitar.

Då han var ferdig med skulen valde Gomm bort moglegheita til å studera engelsk på universitetet i Oxford for å studera på The Guitar Institute (no del av Institute of Contemporary Music Performance) i London. Då han studerte betalte han for studiane ved at han spelte jazz i kaffibarar, spelte inn musikk og han spelte countrymusikk i klubbar for linedansarar. Seinare flytta han til byen Yorkshire i Leeds for å studera jazz ved musikkuniversitetet i Leeds.

Gomms soloprestasjonar starta i Leeds. Han utvida lydane han kunne laga med gitaren sin – ved å slå på overflata av gitaren for å skapa lyden av ei skarptromme, basstromme og bongotrommer og stemma om gitaren for å få basslydar og ved bruk av høge overtonar frå gitaren for å få synthesizer-effektar. Han brukte desse teknikkane i sine eigne songar og song til.

Musikalsk er han ein etterkomar av Michael Hedges, og ein del av den generasjonen gitaristar som brukar utvida teknikkar, som Andy McKee og Eric Mongrain. Tatoveringa på armen til Gomm er frå omslaget til albumet Oracle av Michael Hedges.

Jon Gomm har avvist dei vanlege musikkbransjens verdiar og praksis og unngår å spela på kjedestadar og bedriftsfestivalar. Opptredenane hans er generelt organiserte med uavhengige arrangørar på arenaar som pubar i landlege område, teater eller kulturhus. Han har vore ein fast utøvar på The Junction Inn, Otley i mange år og tiltrekkjer seg eit stort publikum kortid som helst i byen.

I tillegg til sine eigne spelejobbar har Gomm også spelt med Tommy Emmanuel (Australia), Nick Harper og Bob Brozman.

Han har framført på festivalar som Download, Electric Picnic, The Canadian Guitar Festival, The Italian National Guitar Festival, The Garforth Arts Festival og The London Guitar Show på Wembley Arena. Han framfører regelmessig over heile Storbritannia og andre plassar i verden med turar til Kina, Brasil, Sør-Afrika, Tyrkia, Australia og Canada.

I februar 2012 vart ein YouTube-video av Jon Gomm som spelte songen sin «Passionflower» delt på Twitter av den britiske mediepersonlegdommen Stephen Fry.Bloxham, Andya, Stephen Fry tweets guitarist past 2m views with a 'wow', The Daily Telegraph, 31 January 2012. Denne videoen gjekk viralt og fekk over 18 millionar visningar. Dette førte til at Gomm dukka opp i fleire TV-program og vart booka for spelejobbar og turnear rundt om i verden i løpet av 2012. Han gav også ut eit instrumentalt cover av klassikaren «Ain't Nobody» av Chaka Khan.

I november 2013 vart albumet Secrets Nobody Keeps gjeve ut etter å ha vorte 100 % finansiert av publikum på fire veker i ein PledgeMusic-kampanje. Albumtittelen er eit teikn på Gomm si takksemd for krafta i sosiale nettverk, og ein referanse til Stephen Fry-tweeten som gjorde han kjend. «Suksessen til PledgeMusic-kampanjen har vore så gledeleg,» fortel ein entusiastisk Gomm. «Folk fortel meg at eg er for open på sosiale nettverk, men eg har opplevd alle desse overveldande livsendringane på nettet, og eg tok støtte frå venar og fans.»

12. august 2020 gav Gomm ut singelen «Cocoon», som var hans fyste singel på sju år, frå det nye albumet The Faintest Idea.

Diskografi

mini|Biletet er teke av Roland Wichser

Studioalbum

Hypertension (2003). Det fyrste albumet til Gomm vart publisert av han sjølv på hans eige platemerke. Alle songane er tekne opp i eitt sett, utan spor lagde på etterpå. Don't Panic (2009) Secrets Nobody Keeps (2013) The Faintest Idea (2020) Secrets Nobody Keeps – Passionflower 10th anniversary edition (2021)

Singlar «Passionflower» – gjeven ut i 2011 på nettstaden til Gomm «Message in a Bottle» – coverveversjon av The Police sin song, gjeven ut i 2011 på nettstaden til Gomm «Ain't Nobody» – coverveversjon av Chaka Khan sin song, gjeven ut i 2011 på nettstaden til Gomm «Cocoon» – gjeven ut i 2020

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Jon Gomm» frå , den 31. mars 2021. Offisiell nettstad Diskografi på Discogs

Bakgrunnsstoff

Jon Gomm sin musikk på YouTube-Music. Intervju frå ICMP (The Institute of Contemporary Music Performance)

Kategori:Fingerspelgitaristar Kategori:Akustiske gitaristar Kategori:Folk frå Blackpool Kategori:Britiske gitaristar