Barbara Piévic (), betre kjend som Barbara Pravi, er ein fransk songar, låtskrivar og skodespelar. I 2015 skreiv Pravi platekontrakt med Capitol Music France og har sidan gjeve ut to EP-ar: Barbara Pravi (2018) og Reviens pour l'hiv (2020). Som låtskrivar har Pravi skrive songar for ei rekkje artistar, blant andre Yannick Noah, Julie Zenatti, Chimène Badi og Jaden Smith. Pravi komponerte låten «J'imagine» av Valentina, som vann Junior Eurovision Song Contest 2020. Pravi skal representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Voilà».
Bakgrunn Pravi vart fødd inn i ein musikarfamilie i Paris 10. april 1993. Farfaren til Pravi er serbisk, medan mora er iransk. Etternamnet stammar frå det serbiske ordet «prava» ('autentisk'), og er ei hyllest til den serbiske farfaren hennar.
Karriere 2014–2018: Tidleg karriere Pravi innleia musikkarrieren sin i 2014 etter å ha møtt den franske musikaren Jules Jaconelli. Saman byrja dei å skrive låtar, og året etter signerte ho kontrakt med selskapet Capitol Music France. Pravi skreiv filmmusikken til den franske versjonen av den sveitsiske filmen Heidi, og seinare fekk ho rollen som Solange Duhamel i musikalen Un été 44 i november 2016. Der framførte ho songar skrivne av Jean-Jacques Goldman, Charles Aznavour og Maxime Le Forestier. On m'appelle Heidi , .
I 2017 slapp ho sin fyrste offisielle singel, «Pas grandir». Singelen var òg med på hennar selvtitulerte debut-EP som kom ut året etter. I 2017 hadde ho òg ei rolle i tv-filmen La Sainte famille, som vart send på France 2 i desember 2019. Frå 2017 til 2018 deltok Pravi i turneen 55 Tour, som oppvarmings- og støtteartist for songaren Florent Pagny. Utover i 2018 gjekk Pravi over til å opptre med meir tradisjonell fransk musikk i chanson-stil, i motsetning til popmusikken som dominerte dei fyrste utgjevingane hennar.
I tillegg til å skriva eigne låtar, har Pravi òg komponert låtar for andre artistar – blant andre Yannick Noah, Julie Zenatti, Chimène Badi og Jaden Smith.
2019–: Eurovision-suksess I 2019 dukka Pravi fyrste gong opp i Eurovision Song Contest-samanheng etter å ha komponert songen «Bim bam toi» for den franske ungdomsartisten Carla. Songen komponerte ho saman med den franske musikaren Igit, og songen representerte Frankrike i Junior Eurovision Song Contest 2019 i Gliwice, der den kom på femteplass. Etter tevlinga fekk låten stor suksess på TikTok. Etter suksessen med «Bim bam toi», gav Pravi seinare ut sin andre EP, Reviens de l'hiver i februar 2020.
I 2020 skreiv Pravi og Igit på ny det franske bidraget til Junior Eurovision Song Contest. Songen, «J'imagine», vart framført av barneartisten Valentina, og vann Junior Eurovision Song Contest 2020 i Warszawa. Dette var fyrste gongen Frankrike vann tevlinga. Seinare same år vart Pravi kunngjord som ein av deltakarane til den franske musikktevlinga Eurovision France, c'est vous qui décidez!. Vinnaren av tevlinga får representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2021. Pravi vann den franske finalen 30. januar 2021, med songen «Voilà», og fekk dimed representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam. Kringkastaren France Télévisions hadde fleire gonger tidlegare bede ho representere landet i Eurovision Song Contest, men Pravi avslo fordi ho følte «ho ikkje var klår».
Privatliv Pravi har engasjert seg sterkt i kampen mot vald mot kvinner, etter sjølv å ha vorte utsett for det same. Ho har fleire gonger bidrege i ei rekkje musikkprosjekt for å fremja rettane til kvinner. Pravi har henta musikalsk inspirasjon frå artistar som Barbara, Jacques Brel, Georges Brassens, Françoise Hardy og Aragon.
Diskografi
EP-ar
2018 – Barbara Pravi 2020 – Reviens de l'hiv
Singlar
2016 – «On m'appelle Heidi» 2017 – «Pas grandir» 2018 – «You Are the Reason» (fransk duettversjon med Calum Scott) 2019 – «Le Malamour» 2020 – «Reviens de l'hiv» 2020 – «Chair» 2020 – «Voilà»
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Barbara Pravi» frå , den 1. april 2021.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Franske songarar Kategori:Franske musikarar Kategori:Junior Eurovision Song Contest-låtskrivarar Kategori:Junior Eurovision Song Contest-vinnarlåtskrivarar Kategori:Franske Eurovision Song Contest-deltakarar Kategori:Eurovision Song Contest 2021-deltakarar Kategori:Folk frå Paris