International Association of Lighthouse Authorities, forkorta IALA, er ein ikkje-profiterande organisasjon som vart skipa i 1957 for å ta vare på og å føre over nautisk ekspertise mellom medlemmer og å gje råd. IALA søker å la medlemslanda samarbeide for å få til mest mogleg einsarta navigasjonssystem verda over. Hovudkontoret for organisasjonen ligg i Saint-Germain-en-Laye, Frankrike.
IALA er først og fremst kjent for bøye- og sjømerkesystemet som vert nytta til å lose skipsfarten og for utviklinga av det automatiske identifikasjonssystemet, AIS.
Medlemmer Organisasjonen har om lag 200 medlemmer av tre ulike kategoriar: nasjonale medlemmer, Afrika har 16 medlemmer, Amerika 15 medlemmer, Asia 23 medlemmer, Oseania 3 og Europa 28, deriblant Noreg som er representert med Kystverket vitskaplege institusjonar, tenesteytarar med ansvar for navigasjon som hamnevesen i store hamner materialfabrikantar, leverandørar og rådgjevarar i navigasjonshjelpemiddel
Arbeid Det er sett ned fem permanente tekniske komitéar som kvar har to årlege møte. Komitéane dannar ryggraden i arbeidet innanfor IALA og dei er delt inn etter fagområde: ingeniørmessige og miljømessige sider ved utvikling av navigasjonshjelpemiddel (bøyer, fjernkontroll, straumforsyning og anna), bevaring og dokumentasjon av utgåtte hjelpemiddel elektronisk navigasjon, automatisk identifikasjonssystem AIS hjelpemiddel for navigasjonsleiing radionavigasjon, landbaserte og satellittbaserte navigasjonssystem (radarar og GNSS) sjøtrafikktenester, drift av trafikksentralar Kystverket har medlemmer i alle komitéar.
Kvart fjerde år samlar medlemmene seg i ein konferanse. I 2008 var denne konferansen helden i Bergen.
Kjelder Kystverket om internasjonalt samarbeid Nettstaden for International Association of Lighthouse Authorities
Kategori:Sjøfart Kategori:Internasjonale organisasjonar Kategori:Skipingar i 1957