Harsin fylke (persisk شهرستان هرسین) er eit fylke i Kermanshah-provinsen vest i Iran, i det som uoffisielt vert kalla Iransk Kurdistan. Det administrative senteret i fylket er Harsin. Fylket grensar i nord til Sahneh fylke, i sør til Khorramabad fylke i Luristan, i aust til Nahavand fylke i Hamadan-provinsen og i vest til Kermanshah fylke. Fylket er delt inn i dei to distrikta Sentral-distriktet og Bisotun-distriktet. Fylket har dei to byane Harsin og Bisotun. Byen Harsin ligg 44 km aust for Kermanshah, 1570 meter over havet.
I folketeljinga i 2006 var innbyggjartalet i fylket 90 452.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Harsin County» frå , den 2. april 2021. oppgav desse kjeldene: اطلس گیتاشناسی استانهای ایران [Atlas Gitashenasi Ostanhai Iran] (Gitashenasi Province Atlas of Iran ) Kermanshah CHHTO website
Kategori:Fylke i Kermanshah-provinsen