«Solovej» (ukrainsk «Соловей», norsk omsetjing 'nattergal') er ein folkelektronika-låt frå 2020 av det ukrainske bandet Go_A. Han vann den ukrainske songtevlinga Vidbir laurdag 22. februar 2020 og skulle ha vore det ukrainske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i 2020. Hadde Eurovision Song Contest vorte arrangert som planlagt, ville det vore fyrste gongen Ukraina hadde delteke med ein song der heile teksta var på ukrainsk.

Om songen Songen er skriven av det ukrainske bandet Go_A, som vart skipa i 2012. Bandet opererer innan sjangrane elektronika, folk og dance, og sende inn sin sjølvskrivne song «Solovej» til songtevlinga Vidbir, som vert arrangert av kringkastarane STB og UA:PBC. Songen var eit av 16 bidrag som vart plukka ut til å deltake i tevlinga.

Songen deltok i den fyrste semifinalen av Vidbir 8. februar 2020. Der enda han på andreplass og avanserte til finalen laurdag 22. februar 2020. I finalen gjekk «Solovej» til topps hos både juryane og folket, og vann dimed tevlinga samanlagt. Som følgje av sigeren skulle songen vera det ukrainske til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam og Nederland, men på grunn av koronavirusutbrotet i 2020 vart Eurovision Song Contest avlyst. Dette ville ha vore den fyrste gongen Ukraina stilte med ein song som berre har ukrainsk tekst.

I januar 2020 vart Ukraina trekt til å deltake i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 12. mai.

Utgjevingshistorikk RegionDatoFormatMerkeInternasjonalt4. februar 2020Digital nedlastning, strømmingUtgjeve på eige merke

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Solovej» frå , den 4. april 2021.

Kategori:Ukrainskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Ukrainske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2020-songar Kategori:Ikkje-deltakande Eurovision Song Contest-songar