Gennadij Tsygankov () var ein russisk ishockeyspelar frå Vanino i Khabarovsk kraj. Perioden 1971-79 vann han fem VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.

Forsvarsspelaren Tsygankov vart verdsmeister i 1971, 1973, 1974, 1978 og 1979. Både frå Vinter-OL 1972 og Vinter-OL 1976 reiste han heim som olympisk meister. I tillegg vann han to VM-sølv og ei VM-bronse.

Tsygankov spelte frå 1966 i to år på det nystarta ishockeylaget SKA Khabarovsk. Deretter gjorde han teneste i CSKA Moskva i tolv år. Med CSKA vann han åtte seriemeisterskap og to cupmeisterskap.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gennadi Dmitrijewitsch Zygankow» frå , den 5. april 2021.

Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976