Jevgenij Misjakov () var ein russisk ishockeyspelar frå ein landsby i Moskva oblast. Perioden 1968-72 vann han to OL-gull og tre VM-gull for Sovjetunionen.

Angrepsspelaren Misjakov vart olympisk meister med det sterke sovjetmannskapet som gjekk til topps i ishockey-turneringa under vinterleikane 1968 i Grenoble. Dei neste tre åra vart han verdsmeister med mykje det same sovjetlandslaget. Under Vinter-OL 1972 i Sapporo forsvarte Misjakov og lagkameratane den olympiske meistertittelen, derimot måtte dei sjå seg slått av Tsjekkoslovakia då Ishockey-VM 1972 vart avvikla i Praha i april 1972.

Misjakov spelte perioden 1960-63 ein sesong på kvar av ishockeylaga Spartak Kaluga, Spartak Moskva og Tver HK. Frå 1963 gjorde han teneste i CSKA Moskva til han la opp i 1974. Med CSKA sanka han åtte seriemeisterpokalar og fem cupmeistertitlar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Мишаков, Евгений Дмитриевич» frå , den 9. april 2021.

Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1968 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1968 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1968 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972