Diskant (av mellomalderlatin discantus, 'songrøyst som skil seg ut frå andre') er ein musikalsk term for den øvste delen av songstemmer eller instrument.

Opphavleg viste «diskant» til ei stemme som ein söng skild frå melodien og som låg høgare enn denne. Ei overstemme til melodien kan framleis kallast diskant.

Diskant kan også visa til den øvre delen av toneregisteret til menneskestemma, som motsats til bass om den nedre delen. Diskantrøyster viser dermed til høge røyster, som sopran og tenor, medan bassrøyster låge røyster. På same måte kan ein tala om diskantinstrument og bassinstrument.

I pipeorgel kan visse orgelstemmer vera delte i ein bass- og ein diskantdel, slik at ein kan ha ulik klangfarge i bass og diskant.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Diskant» frå , den 19. april 2021. oppgav desse kjeldene:  

Sohlmans musiklexikon, band 2, Sohlmans förlag, Stockholm, 1975, Bonniers musiklexikon, Albert Bonniers förlag, Stockholm, Sixten Nordström: Så blir det musik, sid. 116, Dialogos, Lund, 1989, Djäknarnas diskantsång under medeltiden Diskantsång under renässansen Diskantsång vid renässansens fester Diskant i högtalare

Kategori:Musikkterminologi Kategori:Korsong Kategori:Latinske ord og uttrykk