Oddvar Støme () er ein norsk filolog, forfattar og tidlegare bonde.
Liv og virke Oddvar Støme er utdanna lærar ved Tromsø lærarskole 1954. Støme har arbeidd som lærar i Vardø, Kirkenes og Kiberg før han drog sørover. Han skreiv i godt vaksen alder ei hovudfagsoppgåve i norsk om heimemålet. Støme har òg vore dosent i norsk ved Universitetet i Tartu i Estland.
Støme bygde opp ein gard i Komagvær på 1970-talet.
Bøker og artiklar I 1989 skreiv Støme hovudfagsoppgåve om kibergsdialekten. I 1994 blei denne grunnlaget for ei bok, Vår eigen stemme. Samtidig gav han ut ei lita bok, Syn betre enn segn, med barndomsminne.
I 2007 gav Støme ut ein kortversjon av hovudfagsoppgåva om kibergsdialekten, i boka Partisanbygda Kiberg. Fiskeværet mellom øst og vest.
Strøme har vore ein ivrig skribent om målsak. Våren 1991 var Støme reiseskrivar i Noregs Mållag og reiste rundt i Finnmark og fortalde korfor nynorsken høvde som skriftmål i Finnmark.
Støme har ivra for å få Karl Akres målsyn fram i lyset.
Støme har også engasjert seg i urfolksspørmål, samepolitikk og striden rundt Finnmarkseigedommen.
Bibliografi
Kibergsdialekten. Ein kystdialekt i Finnmark. Hovudoppgåve i norsk, Universitetet i Oslo 1989?, 198 s. (nynorsk) Vår eigen stemme, Tartu Ülikool Kirjastus, Tartu 1994, 133 s. (nynorsk) Syn betre enn segn, Tartu 1994 (nynorsk) "Kibergsmålet. Ein kystidialekt i Finnmark", i Einar Niemi (red.): Partisanbygda Kiberg, Kiberg bydelag 2007, side 294-310 (nynorsk)
Referansar
Kjelder "Språk, krig og barndom", Finnmarken, tirsdag 11. oktober 1994. "Kommentar" i Utdanningsnytt, mandag 9. september 2019 "Oddvar Støme" på nb.no "Oddvar Støme" på bibsys
Kategori:Norske forfattarar Kategori:Målfolk